Übungen: Alltag in Deutschland
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Den lieben langen Tag"!
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Kva fortel grafikken?
3. Småord
Øv på små, men viktige ord.
4. Betalt og ubetalt arbeid
Kva er betalt arbeid eller utdanning, kva er ubetalt arbeid?
5. Verb
Plasser verba på rett stad. Les og set om setningane høgt i par.
6. Lag ein statistikk!
Kva gjer du i løpet av ein vanleg dag?
Noter kva du gjer i løpet av ein vanleg dag, målt i timar. Bruk dei same kategoriane som i den tyske statistikken du har jobba med:
bezahlte Arbeit und Schule (= Erwerbstätigkeit und Bildung)
unbezahlte Arbeit
Essen
Freizeit
Schlafen
Körperpflege
Sonstiges
I grupper på fire eller fem: Les og set om setningane i boksen nedanfor.
Legg saman opplysningane de har notert om dykk sjølve, og lag ei enkel statistisk oversikt. Bruk skrive- og snakkehjelpa i boksen.
Fordel setningane mellom dykk og lær dei utanåt. Presenter statistikken for klassen eller for ei anna gruppe.
7. Wie spät ist es?
Øv på å seie klokkeslett på ein uformell måte.
8. Intervju med Viviane
Følg instruksjonane nedanfor, og jobb med filmen (lengde 2:18).
Sjå intervjuet éin gong, og lytt for å forstå hovudinnhaldet. Fokuser på det du forstår.
Kva er temaet i intervjuet?
Kva blir jenta spurd om?
Lytt til intervjuet igjen, og prøv å få med deg fleire detaljar. Ta notat. Stopp gjerne videoen undervegs og spol fram eller tilbake. Ikkje bli stressa om du ikkje forstår absolutt alt. Du forstår sikkert mykje likevel, konsentrer deg om dét!
Les gjennom notata dine, og samanlikn notat med ein medelev. Spør medeleven dersom det er noko du ikkje forstår.
Les gjennom alle spørsmåla nedanfor før du prøver å svare på dei. Lytt gjerne til intervjua ein tredje gong. Kanskje du forstår endå litt meir no?
Når vaknar Viviane om morgonen? Når står ho opp?
Kva gjer ho rett etter at ho har vakna? Kva gjer ho etter at ho har stått opp?
Når et ho frukost? Når begynner ho på skulen?
Korleis kjem ho seg til skulen? Når har ho etefri?
Når er Viviane ferdig på skulen?
Kva gjer Viviane etter skulen?
Et Viviane frukost? (Kva et ho i storefri?) Når et ho middag? Et ho noko mellom lunsj og middag?
Kva gjer Viviane etter skulen?
Kva gjer ho om kvelden?
Test deg sjølv! Kor mykje har du forstått? (Bruk gjerne notata dine.)
Gjenfortel kva Viviane gjer på ulike tidspunkt. Jobb gjerne to og to.
aufwachen → Viviane wacht um ... auf.
aufstehen → Sie steht um ...
ins Bad gehen → Sie geht ...
duschen → Sie ...
die Zähne putzen → Sie putzt ...
frühstücken → Sie frühst...
beginnen → Die Schule ...
den Bus zur Schule nehmen → Sie nimmt ...
Pause haben von ... bis ... → Sie hat von ... bis ... Pause.
in der Schule fertig sein → Sie ist ...
zum Training gehen → Sie geht ...
schwimmen gehen → Sie geht ...
nach Hause fahren → Sie fährt ...
eine Freundin treffen → Sie trifft ...
zu Mittag essen → Sie isst ...
Hausaufgaben machen → Sie macht ...
entspannen → Sie entspannt ...
Musik hören → Sie hört ...
fern gucken → Sie guckt ...
Eigenvurdering: lytteforståing
Kva må du øve meir på? Kva klarer du greitt? Kva klarer du veldig godt?
Første gongen eg lyttar, fokuserer eg berre på det eg forstår. Eg lèt meg ikkje forstyrre av det eg ikkje forstår.
Mens eg lyttar, kjenner eg igjen ord frå norsk, engelsk eller andre språk.
Eg klarer å gjette nye ord ut frå samanhengen dei står i.
Eg klarer å ta gode notat mens eg lyttar.
Eg klarer å forstå dei fleste detaljane etter å ha lytta to–tre gonger.