Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Adverb

Adverb er ord som seier noko om kvar, når eller korleis noko skjer. Lær om adverb i norsk og tysk.

Tid, stad og måte

Adverb er ord som fortel om kvar, når eller korleis handlinga skjer:

  • Joggst du heute? Joggar du i dag?

  • Er wohnt hier. Han bur her.

  • Wir üben fleißig. Vi øver flittig.

Adjektiv brukt som adverb

Adjektiv kan brukast som måtesadverb. Då fortel dei korleis handlinga skjer. På norsk bruker vi inkjekjønnsforma av adjektivet, på tysk den ubøygde forma:

  • Wir schlafen gut. Vi søv godt.

  • Du singst schön. Du syng vakkert.

Forresten: Hugsar du korleis vi gjer om adjektiv til adverb i engelsk? Prøv å komme på svaret sjølv før du sjekkar.

Engelske måtesadverb

På engelsk dannar vi vanlegvis måtesadverb av adjektiv ved å legge til endinga -ly:

  • You sing beautifully.

Adjektivet good er eit unntak, for her bruker vi well som adverb:

  • We slept well.

Øving 1

Kvar er adverba? Tips: Bruk desse spørjeorda, så finn du dei: Når? Kvar? Kvar hen? Korleis?

Finn alle adverba!

Noter alle adverba i desse setningane:

1. Snart er det ferie!

2. Det læt bra!

3. Her regner det.

4. Ho sykla fort heim.

5. No må du komme hit!

6. Maten smakte ypparleg.

Øving 2

Kan du matche dei tyske adverba med dei tilsvarande norske?

Gradsadverb

Gradsadverb oppgir ein bestemt grad av noko:

  • Du bist sehr nett. Du er veldig hyggeleg.

  • Er ist ziemlich groß. Han er ganske høg.

  • Du bist echt okay! Du er skikkeleg ålreit!

Dei gir svar på spørsmål som: Kor hyggeleg? Kor høg? osb.

Nokre mykje brukte gradsadverb

echt
skikkeleg, verkeleg
fast
nesten
ganz
heilt
sehr
veldig
so
viel zu
altfor
zu
for
total
heilt, totalt, fullstendig
wahnsinnig
vanvitig
ziemlich
temmeleg, ganske

Øving 3

Klarer du å finne gradsadverba i setningane?

Marker gradsadverba!

Noter alle gradsadverba i setningane:

  1. Maria er veldig hyggeleg.

  2. Læraren min er litt streng.

  3. Bilen køyrer for fort.

  4. Foreldra dine er ganske kule.

  5. Dette synest eg er fullstendig dumt.

  6. Katta di er så søt!

Finn du gradsadverba òg i dei tyske setningane? Noter.

  1. Maria ist sehr nett!

  2. Meine Lehrerin ist etwas streng.

  3. Das Auto fährt zu schnell!

  4. Deine Eltern sind ziemlich cool.

  5. Das finde ich total dumm!

  6. Deine Katze ist so süß!

Setningsadverb

Setningsadverb endrar betydninga til heile setninga. Dei seier noko om kor ofte handlinga skjer, eller om ho ikkje skjer i det heile:

  • Ich stehe früh auf.

  • Ich stehe nicht früh auf.

  • Ich stehe früh auf.

Setningsadverb kan òg seie noko om kor sannsynleg handlinga er:

  • Alisa ist in der Schule.

  • Alisa ist in der Schule.

Og dei kan seie noko om kva vi synest om handlinga:

  • Der Wecker klingelt .

  • Der Wecker klingelt .

  • Ich stehe früh auf.

Øving 4

Veit du kva desse setningsadverba heiter på tysk?

Obs! To av dei flyttbare orda blir til overs.

Øving 5

Sjekk om du kan tyske adverb! Jobb gjerne i par og hjelp kvarandre.

Skrive av Marion Federl og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 19.05.2026