Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tema til munnleg eksamen

Kva tema kan vere aktuelle til munnleg eksamen i tysk 1?

Slik kan du førebu deg

Temaa du kan trekke til munnleg eksamen, er opne og generelle og bygger på lærestoffet som er gjennomgått i timane. Her får du nokre forslag til tema og ei liste med aktuelle problemstillingar til kvart tema som du kan bruke til første delen av eksamen (innleiing). Sjå bort frå problemstillingane som ikkje handlar om tema de har jobba med i timane.

Tips til arbeidsmåte

Her er nokre forslag til korleis de kan gå fram:

  1. Jobb to og to.

    • Ta ein kikk på sida om vurdering av munnleg eksamen: Kva er viktig å tenke på?

    • Vel eit tema og les innleiinga nøye. Kva kan de om dette temaet frå før? Lag gjerne eit felles tankekart.

  2. Jobb individuelt.

    • Gå gjennom punktlista med problemstillingar og vel ei av dei.

    • Førebu ein kort presentasjon på ca. 3 minutt. Finn informasjon og noter stikkord.

    • Øv på å presentere informasjonen på tysk. Øv òg på å svare på spørsmål etter presentasjonen. (Sjå spørsmåla til problemstillinga/punktet du har valt.)

  3. Presenter for kvarandre i par.

    • Snakk fritt, men bruk notat/stikkord viss de ønsker.

    • Gi kvarandre tilbakemelding: Ros det som er bra, og hjelp kvarandre slik at presentasjonane blir best mogleg.

  4. Gjennomfør "prøve-munnleg" med lærar.

    • Alternativ 1: Læraren eksaminerer dykk enkeltvis i 5–10 minutt.

    • Alternativ 2: Læraren eksaminerer dykk parvis. De har rolla som eksaminator for kvarandre og stiller kvarandre 1–2 spørsmål etter presentasjonen. Læraren er sensor og noterer undervegs. Til slutt stiller sensor eit siste spørsmål og set så karakter.

Thema 1: Alltagsleben

Korleis er kvardagen din? Kva veit du om kvardagen i tysktalande land? Kva er likt, og kva er ulikt, samanlikna med Noreg? Her kan du til dømes snakke om skule, fritid, heimen din eller planar for framtida.

A: Skule og skulesystem

  • Wie ist dein Schulalltag? Beschreib einen normalen Schultag. Was weißt du über die Schule und das Schulsystem in Deutschland? Vergleiche mit Norwegen. Was findest du gut am Schulsystem in Norwegen und in Deutschland?

  • Korleis er skulekvardagen din? Beskriv ein vanleg skuledag. Kva veit du om skulen og skulesystemet i Tyskland? Samanlikn med Noreg. Kva liker du ved skulesystemet i Noreg og i Tyskland?

B: Fritidsaktivitetar

  • Was machst du am liebsten in deiner Freizeit, und warum? Wie lange machst du das schon? Was sind die beliebtesten Hobbys und Freizeitaktivitäten von Jugendlichen in Norwegen? Und was für Hobbys haben Jugendliche in den deutschsprachigen Ländern?

  • Kva liker du å gjere på fritida di, og kvifor? Kor lenge har du halde på med det? Kva er dei mest populære hobbyane og fritidsaktivitetane blant ungdom i Noreg? Og kva slags hobbyar har ungdom i tysktalande land?

C: Bustad og buform

  • Wo wohnst du, und wie wohnst du? Wo und wie möchtest du nach dem Gymnasium wohnen? Was kann man lernen, wenn man in einem anderen Land wohnt? Kannst du dir vorstellen, im Ausland zu wohnen? Warum? Warum nicht?

  • Kvar bur du, og korleis bur du? Kvar og korleis vil du gjerne bu etter vidaregåande? Kva kan ein lære når ein bur i eit anna land? Kan du sjølv tenke deg å bu i utlandet? Kvifor? Kvifor ikkje?

D: Framtidsplanar og draumar

  • Was möchtest du nach dem Abitur machen? Was ist dein größter Traum? Welche Hoffnungen und Wünsche hast du für deine Zukunft?

  • Kva vil du gjere etter fullført vidaregåande? Kva er den største draumen din? Kva håper og ønsker du for framtida?

E: Draumeyrket mitt

  • Was ist dein Traumberuf? Welche Ausbildung brauchst du für diesen Beruf? Musst du ein Studium machen oder eine Facharbeiterausbildung? Welche persönlichen Eigenschaften braucht man für diesen Beruf? Wo möchtest du am liebsten studieren und arbeiten? Sind Sprachkenntinsse ein Vorteil in diesem Beruf?

  • Kva er draumeyrket ditt? Kva slags utdanning treng du til dette yrket? Treng du eit studium eller ei fagarbeidarutdanning? Kva for nokre personlege eigenskapar treng ein i dette yrket? Kvar vil du helst studere og jobbe? Er språkkunnskapar ein fordel i dette yrket?

F: Eit sunt og godt liv

  • Was ist "gesund leben"? Was tust du persönlich, um gesund zu leben? Was sind deine besten Tipps für ein gutes und gesundes Leben? Was können junge Leute tun, um Stress zu und zu ?

  • Kva vil det seie å leve sunt? Kva gjer du sjølv for å leve sunt? Kva er dei beste tipsa dine for eit sunt og godt liv? Kva kan unge menneske gjere for å takle og redusere stress?

G: Hjartesaka mi

  • Wofür engagierst du dich gesellschaftlich und/oder sozial? Was machst du ganz konkret? Warum ist dir das wichtig?

  • Kva engasjerer du deg for i samfunnet og/eller sosialt? Kva gjer du heilt konkret? Kvifor er dette viktig for deg?

Thema 2: Die deutschsprachigen Länder

Kva veit du om dei tysktalande landa og menneska som bur der? Du kan til dømes fortelje om ulike land, byar eller kjente personar. Kanskje du har vore i eit tyskspråkleg land og har eit reisetips?

A: Eit tysktalande land

  • Präsentiere ein deutschsprachiges Land. Wo liegt es? Wie heißt die Hauptstadt? Wie viele Einwohner hat es? Wie heißen die Nachbarländer? Welche großen Städte gibt es hier? Welche Sprachen und/oder Dialekte spricht man? Wie sieht die Landschaft in diesem Land aus? Bist du schon einmal in diesem Land gewesen, oder hast du Lust, es zu besuchen?

  • Presenter eit tyskspråkleg land. Kvar ligg det? Kva heiter hovudstaden? Kor mange innbyggarar har det? Kva heiter nabolanda? Kva for nokre store byar finst det her? Kva språk og/eller dialektar snakkar folk? Korleis ser landskapet i dette landet ut? Har du nokon gong vore i dette landet, eller har du lyst å besøke det?

B: Reisetipset mitt

  • Welche Stadt in Deutschland, Österreich oder in der Schweiz muss man einfach besuchen? Erzähle von der Stadt: Wo liegt sie? Wie groß ist sie? Wofür ist sie bekannt? Was kann man hier machen? Was sind die drei wichtigsten Sehenswürdigkeiten? Was möchtest du hier gern machen?

  • Kva by i Tyskland, Austerrike eller Sveits er ein heilt nøydd til å besøke? Fortel om byen: Kvar ligg han? Kor stor er han? Kva er han kjent for? Kva kan ein gjere her? Kva er dei tre viktigaste attraksjonane? Kva vil du gjerne gjere her?

C: Landskapstypar og -område i Tyskland

  • Präsentiere kurz die vier Großlandschaften. Wähle dann eine Landschaft aus und erzähle mehr: Wo in Deutschland liegt sie? Was ist typisch für diese Landschaft? Gibt es hiar auch große Städte? Was kann ein hiar machen? Was sind die größten Touristenmagneten?

  • Presenter kort dei fire landskapstypane. Vel så eit landskap/område og fortel meir: Kvar i Tyskland ligg det? Kva er typisk for dette landskapet? Finst det òg store byar her? Kva kan ein gjere her? Kva er dei største turistmagnetane?

D: Ein kjent person

  • Präsentiere eine bekannte Person aus einem deutschsprachigen Land. Was macht er/sie, und warum ist er/sie bekannt? Warum hast du diese Person gewählt? Was findest du an dieser Person besonders interessant?

  • Presenter ein kjent person frå eit tysktalande land. Kva gjer hen, og kvifor er hen kjent? Kvifor har du valt denne personen? Kva synest du er spesielt interessant ved hen?

E: Ein film som går føre seg i eit tysktalande land

  • Erzähle von einem Film, der in einem deutschsprachigen Land spielt. Wovon handelt der Film? Kannst du die Hauptpersonen beschreiben? Was kann man durch den Film über dieses Land und seine Einwohner lernen?

  • Presenter ein film der handlinga går føre seg i eit tysktalande land. Kva handlar filmen om? Kan du skildre hovudpersonane? Kva kan ein lære om landet og innbyggarane ved å sjå filmen?

F: Tysk i Europa

  • Wo in Europa spricht man Deutsch? Wie viele Menschen haben Deutsch als Muttersprache? Welche anderen Amtssprachen gibt es in den deutschsprachigen Ländern? Gibt es auch Dialekte?

  • Kvar i Europa snakkar ein tysk? Kor mange menneske har tysk som morsmål? Kva for nokre andre offisielle språk finst det i dei tysktalande landa? Finst det òg dialektar?

Thema 3: Kulturelle Ausdrucksformen in den deutschsprachigen Ländern

Kultur kan uttrykkast på mange ulike måtar. Her kan du til dømes snakke om musikk, tradisjonar, høgtider, mat, idrett, film og kunst. Kva er likt, og kva er ulikt, samanlikna med Noreg?

A: Musikk

  • Kennst du einen Sänger / eine Sängerin, oder eine Gruppe/Band aus einem deutschsprachigen Land? Welche Art von Musik spielt er/sie? Wovon handeln die Lieder?

  • Kjenner du til ein songar eller eit band frå eit tyskspråkleg land? Kva type musikk speler hen eller dei? Kva handlar songane om?

B: Ein tyskspråkleg film

  • Hast du einen deutschsprachigen Film gesehen? Wovon handelt er? Was war besonders spannend, interessant oder merkwürdig? Was hast du durch den Film über das Land gelernt?

  • Har du sett ein tyskspråkleg film? Kva handlar han om? Kva var spesielt spennande, interessant eller merkeleg? Kva har du lært om landet gjennom filmen?

C: Tradisjonelle høgtider

  • Wie feiert man zum Beispiel Weihnachten, Silvester, Karneval oder Ostern in einem oder mehreren deutschsprachigen Ländern? Was ist gleich oder ähnlich wie in Norwegen? Was ist anders?

  • Korleis feirar ein til dømes jul, nyttårsaftan, karneval eller påske i eitt eller fleire tyskspråklege land? Kva er likt som eller liknar på feiringa i Noreg? Kva er annleis?

D: Nasjonaldagsfeiring

  • Wie feiert man den Nationalfeiertag in Deutschland, Österreich und/oder der Schweiz? Wie feiert man in Norwegen? Was ist deiner Meinung nach der größte Unterschied? Was machst du normalerweise am 17. Mai?

  • Korleis feirar ein nasjonaldagen i Tyskland, Austerrike og/eller Sveits? Korleis feirar ein i Noreg? Kva er den største forskjellen etter ditt syn? Kva pleier du å gjere på 17. mai?

E: Sport og idrett

  • Welche Sportarten sind besonders beliebt in Deutschland, Österreich und in der Schweiz? Kennst du einen odar mehrere Spitzensportler aus den deutschsprachigen Ländern? Erzähle von ihnen.

  • Kva sportsgreiner er spesielt populære i Tyskland, Austerrike og Sveits? Kjenner du ein eller fleire toppidrettsutøvarar frå dei tysktalande landa? Fortel om dei.

F: Mattradisjonar og matvanar

  • Was isst und trinkst du am liebsten? Welche Essensgewohnheiten haben die Deutschen, Österreicher, Schweizer und die Norweger gemeinsam? Welche Unterschiede gibt es? Kennst du einige typische Gerichte und/oder Getränke aus den deutschsprachigen Ländern? Kannst du sie beschreiben?

  • Kva liker du best å ete og drikke? Kva matvanar har tyskarane, austerrikarane og sveitsarane felles med nordmennene? Kva forskjellar finst det? Kjenner du til nokre typiske rettar og/eller drikkar frå dei tysktalande landa? Kan du beskrive dei?

G: Eit kunstverk

  • Präsentiere ein Kunstwerk aus einem deutschsprachigen Land. Was zeigt das Kunstwerk? Beschreibe es. Wer hat es geschaffen? Erzähle von dieser Person.

  • Presenter eit kunstverk frå eit tysktalande land. Kva viser verket? Beskriv det. Kven har skapt det? Fortel om denne personen.

Thema 4: Kommunikation und Beziehungen

Korleis snakkar vi med kvarandre, og korleis bygger vi gode relasjonar? Her kan du til dømes snakke om familie, vennskap og ulike måtar å kommunisere på (munnleg, skriftleg, digitalt, ansikt til ansikt, formelt, uformelt etc.).

A: Sosiale medium og kommunikasjon

  • Wie kommunizierst du mit deinen Freunden? Wie und wie oft nutzt ihr soziale Medien? Welche Vorteile und Nachteile hat digitale Kommunikation? Weißt du, wie Menschen in den deutschsprachigen Ländern digitale Medien nutzen?

  • Korleis kommuniserer du med vennene dine? Korleis og kor mykje bruker de sosiale medium? Kva fordelar og ulemper har digital kommunikasjon? Korleis trur du menneske i tysktalande land bruker digitale medium?

B: Ungdom og fritid

  • Was machen Jugendliche heute gemeinsam in ihrer Freizeit? Bleiben du und deine Freunde lieber zu Hause, oder geht ihr zusammen aus? Was, glaubst du, machen Jugendliche in den deutschsprachigen Ländern in ihrer Freizeit?

  • Kva gjer ungdommar saman på fritida si i dag? Møtest du og vennene dine helst heime, eller går de ut saman? Kva trur du ungdom i tysktalande land gjer på fritida?

C: Ein god venn

  • Wie ist ein guter Freund / eine gute Freundin? Welche persönlichen Eigenschaften sollte er/sie haben? Erzähl von einem guten Freund / einer guten Freundin. Wie lange kennt ihr euch schon? Warum seid ihr ? Wie oft seht ihr euch, und was macht ihr zusammen?

  • Korleis er ein god venn? Kva for nokre personlege eigenskapar burde hen ha? Fortel om ein god venn. Kor lenge har de kjent kvarandre? Kvifor er de venner? Kor ofte møtest de, og kva gjer de saman?

D: Familieliv

  • Wie ist der Alltag in deiner Familie? Was macht ihr gemeinsam? Wie ist das Familienleben in Norwegen, und wie ist es in Deutschland oder den anderen deutschsprachigen Ländern? Gibt es Unterschiede?

  • Korleis er kvardagen i familien din? Kva gjer de saman? Korleis er familielivet i Noreg, og korleis er det i Tyskland eller dei andre tyskspråklege landa? Finst det forskjellar?

E: Er du ein dyrevenn?

  • Magst du Tiere? Wie wichtig sind Tiere für dich? Hast du ein Haustier, oder hattest du mal eines? Erzähl von deinem Haustier! Was sind die beliebtesten Haustiere in Norwegen und in den deutschsprachigen Ländern?

  • Liker du dyr? Kor viktig er dyr for deg? Har du eit kjæledyr, eller har du ein gong hatt eit kjæledyr? Fortel om kjæledyret ditt! Kva er dei mest populære kjæledyra i Noreg og i dei tyskspråklege landa?

F: Tyskkunnskapar er nyttige

  • Warum kann es nützlich sein, Deutsch zu sprechen? In welchen Berufen oder Situationen können Deutschkenntnisse ein Vorteil sein? Hast du schon einmal Deutsch im Urlaub gesprochen? Erzähl von diesem Erlebnis!

  • Kvifor kan det vere nyttig å snakke tysk? I kva yrke eller situasjonar kan tyskkunnskapar vere ein fordel? Har du nokon gong snakka tysk på ferie? Fortel om denne opplevinga!

Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 22.05.2025