Miniprojekt: Werte
1. Kva er ein verdi?
Ein Wert ist eine Eigenschaft oder eine Idee, die du für richtig und wichtig hältst.
Kva betyr definisjonen? Omset han til norsk.
Finn ein norsk definisjon av omgepet verdi som du synest er god, og gi eit døme på ein verdi som er viktig for deg. Del med sidemannen.
Søk opp det tyske ordet på verdien, t.d. die Freundschaft.
2. Lag eit tankekart
Finn døme på verdiar, og skriv dei på norsk.
Lag eit felles tankekart der de samlar verdiane som de har notert.
Reflekter: Kva for nokre av verdiane er det einigheit om i samfunnet vårt? Kvifor blir desse verdiane rekna som viktige, trur de?
Omset tankekartet til tysk.
3. Kva er viktig for ungdom?
Grafikken viser kva som er spesielt viktig i livet for tyske ungdommar i alderen 12 til 25 år.
Kva verdibeskrivingar forstår du? Omset dei, og bruk ei ordbok om du står fast.
Kva tenker de om funna? Kommenter og diskuter (på norsk).
Test deg sjølv: Kva betyr kvart enkelt punkt på norsk?
4. Mange slags verdiar
Kva betyr dei tyske orda i lista nedanfor? Omset dei til norsk.
Kva verdiar frå lista finn du òg i statistikken? Og kva verdiar står ikkje i statistikken?
5. Kategoriser verdiar
Individuelt arbeid: Fordel verdiane på dei ulike kategoriane nedanfor.
Diskuter i små grupper: Kva for nokre av verdiane i statistikken er personlege?
Welche Werte aus Aufgabe drei sind persönliche/ästhetische/... Werte?
Ich finde, ... ist ein/kein materieller/persönlicher ... Wert.
Das finde ich auch. / Das finde ich auch nicht.
Wirklich? Das finde ich nicht.
6. Mine verdiar
Snakk om eigne verdiar.
Kva for fem verdiar er viktigast for deg? Lag ei topp-fem-liste.
Finn ein partnar. Samanlikn listene dykkar, og diskuter.
Samanfatt felles i klassen.
7. Lag ei spørjeundersøking!

Kva er viktig for ungdommar i Noreg? Gjennomfør ei enkel spørjeundersøking på tysk.
A. Kva seier medelevane dine?
Gå rundt i klassen og spør.
Was sind deine Top-drei-Werte? (Frå viktigast til tredje viktigast.)
Welcher Wert ist nicht so wichtig für dich?
Snakk med flest mogleg. Noter svara de får. NB! De får berre snakke med éin person om gongen.
B. Analyser resultata
Gå gjennom svara frå spørjeundersøkinga. Skriv eit kort samandrag der du samanfattar resultatet.
C. Presenter resultata
Presenter og diskuter funna i par eller små grupper. Viser undersøkingane dykkar dei same resultata? Kva er likt, og kva er ulikt?
