Übungen: Freunde
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "So ist mein Freund!".
Dersom du har jobba med begge tekstane, gjer du gloseøvinga "Tim und Lina erzählen". Om du har jobba med ein av tekstane, gjer du gloseøvinga som høyrer til denne, anten "Tim erzählt" eller "Lina erzählt".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
Tim erzählt
Lina erzählt
2. Spørsmål til teksten
Tim erzählt von seinem besten Freund
Lina erzählt von ihrer besten Freundin
3. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B omset henne til norsk. Snu kortet, og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B omset henne. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
4. Be ein venn om noko – og øv på modalverb!
Du ber vennen din om noko. Bruk modalverbet können og ordet bitte, og skriv setningar som i dømet.
Døme: mir helfen → Kannst du mir bitte helfen?mich besuchen
mir Rückmeldung geben
mich heute treffen
mit ins Kino gehen
mit mir Englisch lernen
Du kjem med ei sterk oppmoding til vennen din. Bruk modalverbet müssen, og skriv setningar som i dømet.
Døme: mir helfen → Du musst mir helfen!mich unterstützen
mich aufmuntern
mir zuhören
mitkommen
mitfahren
Snakk saman i par. Gjenta oppmodingane frå oppgåve A og B med stor innleving!
5. Leddsetningar med weil
Det er ikkje så lett å hugse at det bøygde verbet skal stå til slutt i weil-setningar. Men etter desse to øvingane hugsar du det garantert!
Les og omset setningane nedanfor.
Lag setningar etter dette mønsteret:
Er ist mein bester Freund, weil er mich respektiert.
Sie ist meine beste Freundin, weil wir uns gut verstehen.
Øv til du kan seie setningane med god flyt.
Klasseromsvandring
Du bist eine gute Klassenkameradin, weil du immer ... bist!
Repeter adjektiva i tabellen.
Gå rundt i klasserommet eller i to like store, motgåande ringar. Når læraren signaliserer at de skal stoppe, skal de vende dykk til den som står nærast eller rett overfor dykk.
Fortel kvarandre kvifor de set pris på kvarandre. Begge seier éi setning og nemner minst éin positiv eigenskap.
Så signaliserer læraren at de skal halde fram med å gå. Hald fram, og byt partnar.
I starten er setningane og adjektiva synlege på tavla, slik at alle har noko å seie. Etter ei stund blir dei fjerna, slik at de snakkar utan stikkord.
| ehrlich | freundlich | klug | nett | tolerant |
| cool | gerecht | lebensfroh | nicht nachtragend | treu |
| immer gut gelaunt | hilfsbereit | lieb | rücksichtsvoll | verlässlich |
| ein bisschen verrückt | intelligent | lustig | sympathisch | vernünftig |
6. Skriv ein tekst
Skriv ein tekst med tittelen "Mein Freund" eller "Meine Freundin". Du kan fortelje om ein verkeleg venn eller dikte opp ein person. Bruk gjerne skrivehjelpa i boksen.
Hugs
I setningar med modalt hjelpeverb står hovudverbet sist i setninga:
Er kann gut zuhören.
I setningar med weil, dass eller wenn står det bøygde verbet sist i setninga:
Er ist mein Freund, weil er nett ist.
7. Snakk tysk på 1–2–3!
Svar på spørsmåla, og ta notat. (Noter i stikkordsform eller korte setningar.)
Snakk saman i par, og fortel om ein venn/ ei venninne. Bruk notata, men prøv å ha augekontakt når de snakkar.
Still dykk opp i to rekker overfor kvarandre slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar er det best med fire rekker.)
De som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par.
Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flytter den eine rekka seg eit trinn til høgre, slik at alle får ein ny partnar.
Etter dei to første rundane byter læraren til samtaleskjema 2, slik at de berre ser spørsmåla.
Etter to nye rundar byter læraren til samtaleskjema 3, slik at de berre ser emneorda. No snakkar de heilt fritt!
