Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Presens

Lær om presensbøying av tyske verb, og øv på nokre av verba du har lært til no.

Personbøying

Tyske verb har personbøying. Det betyr at subjektet i setninga avgjer kva slags form eller ending verbet får. Norsk har ikkje personbøying, men du kjenner den frå engelsk:

  • I am, you are, he is

  • I hear, she hears

Lena hört Radio.

Nadja und Paul hören Musik.

Presens

Presensform av verbet bruker vi når vi snakkar om

  • noko som skjer akkurat no: Lena hört Radio.

  • noko som kjem til å skje: Morgen fahre ich nach Dresden.

  • noko som gjeld generelt og uavhengig av tid: ist ein Planet.

Tabellen under viser personendingane i presens og tre eksempelverb: hören, heißen og wohnen.

presensformene

Person

Personending

hören

heißen

wohnen

ich

-ehöreheißewohne

du

-sthörstheißtwohnst

er, sie, es, man

-thörtheißtwohnt

wir

-einhörenheißenwohnen

ihr

-thörtheißtwohnt

sie, Sie

-einhörenheißenwohnen

To nyttige fagord: stamme og ending

Verbstammen er den faste delen av verbet som er igjen etter at vi har teke bort endinga. Eksempel:

  • Verbstamme: hör-

  • Bøygde verbformer: ich höre, du hörst, er hört osb.

Pass på!

Verb med som endar på ein s-lyd, t.d. på bokstaven -s, -ß, -x eller -z, får berre -t i 2. person eintal (du).

  • reisen (å reise) – du reist

  • heißen (å heite) – du heißt

  • relaxen (å slappe av) – du relaxt

  • tanzen (å danse) – du tanzt

Øving 1

Kva skal i kva boks?

Øving 2

Kva setning har rett verbform?

Verba arbeiten og zeichnen

Verba arbeiten og zeichnen har ein ekstra e i nokre verbformer. E-en gjer det lettare å seie ordet.

Verb med ekstra "E"

Person

Personending

arbeiten

zeichnen

du

-estarbeitestzeichnest

er, sie, es

-etarbeitetzeichnet

ihr

-etarbeitetzeichnet

Verb med vokalskifte

Nokre verb skiftar i andre og tredje person eintal. Det gjeld mellom anna verba sprechen, lesen, fahren og laufen.

Verb med vokalskifte i presens

Person

sprechen

lesen

fahren

laufen

ich

sprechelesefahrelaufe

du

sprichstliestfährstläufst

er, sie, es

sprichtliestfährtläuft

wir

sprechenlesenfahrenlaufen

ihr

sprechtlestfahrtlauft

sie, Sie

sprechenlesenfahrenlaufen

Øving 3

  • Jobb gjerne i par. Les setninga på framsida høgt og set ho om til norsk. Vel i-ikonet for å sjekke omsetjinga.

  • Gjer deretter om frå første person eintal (ich) til andre person eintal (du). Lag spørsmål etter denne malen:

    • Ich fahre Auto.

    • Fährst du auch Auto?

  • Snu kortet og sjekk fasiten. Hald fram med neste kort.


Øving 4

Vel korrekt verbform.

Verba sein og haben

Verba sein (å vere) og haben (å ha) har ein del uregelrette former. Dette er to ord som du treng heile tida. Du bør derfor lære deg presensformene godt.

"sein" og "haben"

sein

haben

ich

binhabe

du

bisthast

er, sie, es, wer, man

isthat

wir

sindhaben

ihr

seidhabt

sie, Sie

sindhaben

Wer og man

  • Spørjeordet wer og det ubestemte pronomenet man er subjekt i setningane dei står i.

  • Dei tek alltid same verbform som er, sie, es (tredje person eintal).

Øving 5

Øving 6

Verbet sein i presens

Øving 7

Verbet haben i presens

Øving 8

Vel rett verbform.

Sjekk kva du kan om presensbøying av verb

Lag eigne svar før du kikkar på forslaget nedanfor. Det er òg lurt å jobbe i par og høyre kvarandre, då vil kunnskapen sitje endå betre.

  1. I setninga "Ich komme aus Norwegen" står det personlege pronomenet i første person eintal (ich). Verbet får då endinga -e. Kva ending får verbet når det personlege pronomenet står i

    • andre person eintal

    • andre person fleirtal

    Noter ned setningane.

  2. Set om alle tre setningane frå punkt 1 til norsk.

  3. Kva for to presensformer av verbet har same ending som infinitiven? Oppgi person og tal, og skriv ned eit eksempel.

  4. Kva slags verb får berre endinga -t i 2. person eintal (du)? Skriv òg ned eit par eksempel.

  5. Kva er det spesielle ved verbformene du arbeitest, sie arbeitet, ihr arbeitet?

  6. List opp fleirtalsformene av verbet sein.
  7. Verbet haben har heilt regelrett bøying, men det er to former der det skjer noko med verbstammen hab-.

    • Kva to former er det? Oppgi person og tal, og skriv ned formene.

    • Kva bokstav har falle bort i desse to formene?

  8. Verba sprechen, sehen og lesen har vokalskifte i presens, men ikkje gjennomgåande.

    • Kva for to former får vokalskifte? Oppgi person og tal.

    • Skriv ned formene med vokalskifte. Ta med det personlege pronomenet som høyrer med.

Forslag til svar

  1. Setningane blir slik:
    • andre person eintal:

      Du kommst aus Norwegen.

    • andre person fleirtal:

      Ihr kommt aus Norwegen.

  2. Norsk omsetjing:

    • Eg kjem/er frå Noreg.

    • Du kjem/er frå Noreg.

    • De kjem/er frå Noreg.

  3. Det er første og tredje person fleirtal, altså wir og sie, som har same ending som infinitiven. Høfleg form har òg same form som tredje person fleirtal, men pronomenet får stor forbokstav:

    • wohnen (å bu): wir wohnen (vi bur), sie wohnen (dei bur), Sie wohnen (De bur)

  4. Verb med stamme som endar på ein s-lyd, får berre endinga -t (ikkje -st) i 2. person eintal (du), til dømes

    • reisen (å reise) – du reist

    • heißen (å heite) – du heißt

  5. Verbformene har ein ekstra e mellom stamme og ending: du arbeitest, sie arbeitet, ihr arbeitet.

  6. Fleirtalsformene av verbet sein er: wir sind, ihr seid, sie/Sie sind.

  7. Det er andre person eintal (du hast) og tredje person eintal (er, sie, es hat). Her fell bokstaven b i verbstammen bort.

  8. Det er andre person eintal (du) og tredje person eintal (er,sie, es) som får vokalskifte.

    • sprechen: du sprichst; er, sie, es spricht

    • sehen: du siehst; er, sie, es sieht

    • lesen: du liest; er, sie, es liest

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 13.02.2025