Grammatikk: Leddsetningar
Kort repetisjon: Heilsetningar

Heilsetningar er sjølvstendige setningar. Dei kan vere
forteljande setningar: Eg les ei bok.
spørjesetningar: Når kjem du? Skal du dra?
bydesetningar: Bli med!
Eit anna ord for heilsetning er hovudsetning.
Leddsetningar
Leddsetningar begynner vanlegvis med ein subjunksjon (eit innleiingsord):
fordi ho respekterer meg
at eg kan stole på han
når vi snakkar med kvarandre
om vi skal dra
Leddsetningar er ikkje sjølvstendige setningar. Dei må stå saman med ei heilsetning. Eit anna ord for leddsetning er undersetning.
Fire viktige tyske subjunksjonar
Nokre av dei mest brukte subjunksjonane på tysk er weil, wenn, dass og ob.
weil
Weil (fordi) innleier årsakssetningar:
Ich mag dich, weil du nett bist. Eg liker deg fordi du er snill.
wenn
Wenn kan bety når:
Wenn Anna nach Hause kommt, essen wir. Når Anna kjem heim, et vi.
Wenn kan òg bety viss/dersom:
Du kannst den Lehrer fragen, wenn du Hilfe brauchst. Du kan spørje læraren dersom du treng hjelp.
dass
Dass (at) bruker vi mellom anna når vi gir att noko ein person seier eller tenker:
Maria sagt, dass der Lehrer sehr streng ist. Maria seier at læraren er veldig striks.
ob
Vi bruker ob (om) til å referere spørsmål:
Er fragt, ob die neue Schülerin nett ist. Han spør om den nye eleven er hyggeleg.
Øving 1
Øv på å bruke rett subjunksjon. Jobb gjerne to og to.
Det bøyde verbet sist!
I tyske leddsetningar står det bøygde verbet alltid heilt sist:
Wir können nicht ins Kino, weil wir heute Training haben.
Sie hört gern Radio, wenn sie Frühstück macht.
Viss setninga òg inneheld ei ubøygd verbform (til dømes ein infinitiv), står den nest sist.
Anna sagt, dass sie üben muss.
Lea fragt Olav, ob er heute Oma besuchen will.
Finn ut!
Sett dei fire setningane over om til norsk og samanlikn kvar verba er plasserte. Gjeld dei same reglane for tyske og norske leddsetningar?
Øving 2
Øv på ordstilling i leddsetningar.
Wenn eller wann?
Både wenn og wann kan omsettast med når, men dei blir brukte på ulike måtar.
Wann
Wann er eit spørjeord som betyr når. Vi bruker det for å spørje om eit tidspunkt:
Wann kommt Vater nach Hause? (Svar: Um fünf Uhr.)
Weißt du, wann Vater nach Hause kommt? (Svar: Um fünf Uhr.)
Wenn
Wenn kan også bety når. Men wenn innleier ei setning som gir svar på spørsmålet "Når?".
Wenn Mutter nach Hause kommt, essen wir zu Mittag. (Spørsmål: Wann essen wir zu Mittag?)
Tidspunktet for middagen er altså når mor kjem heim.
Wenn kan òg bety viss, dersom:
Wenn du fleißig lernst, bekommst du sicher eine gute Note. Hvis du øver flittig, får du sikkert ein bra karakter.
Øving 3
Øv på å halde wenn og wann frå kvarandre. Det er kanskje lettare enn du trur!
Øving 4
Øv på leddsetningar med dass og ob. Jobb gjerne saman to og to.
Les setninga på kortet høgt og sett ho om til norsk. Bruk tipset om nødvendig.
Gjer om setninga ved å begynne med Ich weiß, dass … eller Ich weiß nicht,
ob ... Sei heile setninga høgt.Snu kortet og samanlikn med fasiten.
Øving 5
Kva hugsar du om leddsetningar?