Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Imperativ

Lær å komme med ei befaling eller oppfordring på tysk!

Imperativ

Imperativ er ei verbform. Han kan uttrykke ei befaling, ein instruks, ei oppfordring eller ei bønn:

  • Bli med!

  • Skjer potetene i terningar.

  • Ver snill og hjelp meg.

I norsk har vi berre éi imperativform, uavhengig av kven vi snakkar til.

I tysk skil vi mellom 2. person eintal (du) og 2. person fleirtal (ihr). I tillegg har vi høfleg form, som er lik anten vi vender oss til éin eller fleire (Sie).

Imperativformene

infinitiv

du

ihr

Sie

norsk

gehenGeh(e)!Geht!Gehen Sie!Gå!
kommenKomm(e)! Kommt!Kommen Sie!Kom!

fahren

Fahr(e)!Fahrt!Fahren Sie!Køyr! Dra!
öffnenÖffne!Öffnet!Öffnen Sie!Opn(e)!

helfen

Hilf!Helft!Helfen Sie! Hjelp!

mitkommen

Komm(e) mit!Kommt mit!Kommen Sie mit!Bli med!

Kommentarar til tabellen

  • Ved dei fleste verba er -e valfri i 2. person eintal (du): Komm! Komme!

  • Forma utan -e er veldig vanleg i munnleg tysk. Forma med -e har ein litt meir formell klang.

  • Nokre verb ha -e i imperativ fordi det gjer uttalen lettare, til dømes öffnen.

  • Verbet helfen har ei spesiell imperativform. Lær ho utanåt: Hilf!

  • Laust samansette verb skriv vi som to ord i imperativ: Komm mit!

Imperativsetningar er heilsetningar

Heilsetningar (hovudsetningar) er sjølvstendige setningar. Det betyr at dei kan stå åleine mellom to punktum. Det finst tre typar heilsetningar:

  1. Forteljande setningar: Ho er lykkeleg.

  2. Spørjesetningar. Døme: Er ho lykkeleg? Kven er lykkeleg?

  3. Imperativsetningar (bydesetningar): Ver lykkeleg!

(Og så finst det to spesialtypar: ønskesetningar og utropssetningar. Men dei er mindre vanlege, og vi treng ikkje bry oss om dei her.)

Øving 1

Jobb gjerne saman to og to.

  1. Les setningane i boksen og sett dei om skriftleg til norsk.

  2. Kven er det som blir oppfordra: du (du), ihr (de) eller Sie (høfleg form)? Noter pronomenet du, ihr eller Sie saman med omsettinga.

  3. Samanlikn til slutt med fasiten.

  1. Geh über die Brücke.

  2. Helft eurem Vater!

  3. Koche die Kartoffeln.

  4. Öffnen Sie bitte die Tür.

  5. Kommt zu meiner Geburtstagsparty!

  6. Fahren Sie mit dem Intercity um neun Uhr.

  7. Kommen Sie bitte mit.

Lösung

  1. Gå over brua. (du)

  2. Hjelp far dykkar! (dykk)

  3. Kok først potetene. (du)

  4. Ver snill og opne døra. (høfleg: Sie)

  5. Kom på bursdagsfesten min! (dykk)

  6. Ta heller Intercity-toget klokka ni. (høfleg: Sie)

  7. Ver snill og bli med. (høfleg: Sie)

Streng eller mild?

Vi kan vere strenge eller milde når vi ber andre gjere noko for oss. Døme:

  • Kannst du bitte den Boden wischen? Kan du vere snill og vaske golvet?

  • Wisch bitte den Boden. Vask golvet, er du snill.

Begge setningane er relativt milde i uttrykksmåten, men imperativforma er eit lite hakk meir bestemt enn "kannst du bitte".

Sløyfer vi ordet "bitte", høyrest vi straks meir bestemt ut. Og imperativsetninga er no rett og slett ein klar ordre:

  • Kannst du den Boden wischen? Kan du vaske golvet?

  • Wisch den Boden! Vask golvet!

Øving 2

No skal du øve deg i å vere litt bestemt!

Øving 3

Lag imperativsetningar som vender seg til fleire (ihr/de). Denne gongen skal du droppe ordet bitte slik at setninga høyrest skikkeleg streng ut.

Øving 4

Sie-forma bruker vi overfor vaksne vi ikkje kjenner. Vi kan bruke ho overfor éin eller fleire personar. Tar vi med ordet bitte, får vi ei høfleg, men likevel bestemt oppfordring.

Øving 5

Kva imperativsetning svarer til spørsmålet med können?

Bitte!

Bitte er trylleordet som får andre til å hjelpe deg med glede! Og som du har sett av døma på denne sida, kan ordet stå på ulike stader i setninga:

  • I starten: Bitte kommen Sie mit!

  • Heilt sist: Hilf mir bitte!

  • Inni setninga: Öffnen Sie bitte die Tür!

Komma set vi berre når vi legg trykk på ordet (og vil formane nokon):

  • Bitte, komm doch endlich!

  • Mach deine Hausaufgaben, bitte!

Litt ekstra for språknerdane

Inni setninga står bitte vanlegvis rett etter verbet (og rett etter Sie ved høfleg form):

  • Mach bitte deine Hausaufgaben!

  • Kommen Sie bitte mit!

Men viss setninga inneheld eit indirekte objekt, må bitte stå etter det indirekte objektet:

  • Geben Sie mir bitte ein Glas Wasser.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 06.08.2026