Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Einstieg: Sprich Deutsch im Urlaub!

Lær å spørje om vegen, å kjøpe billettar og å ta inn på hotell. Litt turisttysk kjem godt med når du skal ta deg fram i tysktalande land!

1. Kvifor snakke tysk?

Når vi reiser til eit anna land, kan vi ofte bruke engelsk for å gjere oss forstått. Men turen blir morosamare og mykje meir spennande dersom vi òg kan kommunisere litt med innbyggarane på morsmålet deira.

Engelsk og tysk

Snakk saman i par eller små grupper og diskuter:

  1. Korleis står det til med engelskferdigheitene i ulike land? Er det alltid nok å kunne engelsk?

  2. Veit de korleis engelskferdigheitene er i tysktalande land, samanlikna med Noreg?

  3. Kvifor kan det vere nyttig å snakke tysk på reise? I kva situasjonar tenker de det kan vere ein fordel å snakke tysk?

  4. Har de snakka engelsk eller tysk på ei reise nokon gong? Korleis gjekk det? Fortel!

  5. Kva ord og uttrykk kan komme til nytte når de er på reise? Lag ei liste over nyttige tyske ord og uttrykk de allereie kan.

2. Å spørje etter vegen

Her øver de på ord og uttrykk som er nyttige å ha med i bagasjen når de skal ut og reise.

  • Gjenta etter læraren: Les dei tyske uttrykka høgt i kor.

  • Gjett kva uttrykka betyr: Gjer øvinga felles i klassen, eller kvar for dykk.

  • Gå vidare til neste side og hald fram på same måte.

3. Å bestille hotellrom (i resepsjonen)

4. Å kjøpe billettar (på togstasjonen)

5. Repeter ord og uttrykk i par

Jobb i par, og gjer øvingane 1–3 på nytt.

  • Den eine les det som står på tysk, med rett uttale.

  • Den andre les den norske omsettinga og flyttar ho til rett plass.

  • Gå vidare til neste side og byt roller.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

6. Repeter ord og uttrykk på eiga hand

Tre interaktive øvingar

Øving A: På gata

Kryss av for rett norsk omsetting.

Øving B: På togstasjonen

Øving C: I hotellresepsjonen

7. Blind robot

Jobb to og to. Den eine får rolla som blind robot, og den andre styrer roboten. Roboten må lukke auga eller ha bind for auga. Den som styrer, fører roboten ved å rope ut kommandoar. Det er om å gjere at ingen krasjar!

Byt roller undervegs. Dersom det blir for trongt i klasserommet, kan de òg gå ein tur ut i gangen. I tabellen under finn de kommandoane roboten forstår.

Kommandoar for den blinde roboten

tysk

norsk

Geh los!Begynn å gå!
Geh geradeaus!Gå rett fram!
Geh nach rechts!(Ta) til høgre!
Geh nach links!(Ta) til venstre!
Halt!Stopp!
Dreh dich um!Snu deg rundt!
Geh einen Schritt zurück!
Geh zwei Schritte zurück!
Ta eitt steg bakover!
Ta to steg bakover!
Geh weiter!Hald fram med å gå!
Skrive av Julia Kleven og Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 06.08.2026