Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Kvar er ...?

For å fortelje kvar noko er, bruker vi stadpreposisjonar: golvet, i byen, under sofaen osv. I tysk står slike stadledd i dativ. Her øver du på preposisjonar og dativ.

Stadpreposisjonar

Vi bruker stadpreposisjonar som , , , , , , og for å beskrive kvar nokon eller noko er.

Slike stadledd står i . Det betyr at ordet som følger etter preposisjonen, står i dativform dersom det kan bøyast. Slike ord er til dømes ubestemt og bestemt artikkel.

Øving 1

Veit du kva stadpreposisjonane betyr? Trykk på rett alternativ.

Dativ

Treng du ein liten repetisjon av dativendingane? Tabellen under viser - og formene av den bestemte og ubestemte artikkelen. Det er lurt å pugge formene, for då får du jobba meir effektivt med øvingane – og du får betre flyt på tysken din.

Nominativ og dativ av artiklane

nominativ

dativ

hankjønnder, eindem, einem
hokjønndie, eineder, einer
inkjekjønndas, eindem, einem
fleirtaldieden

Greitt å hugse

  • Inkjekjønn følger hankjønn: -em

  • Dativ fleirtal er din venn, endar alltid på ein -n!

  • In + dem og an + dem blir vanlegvis trekte saman til im og am: im Wald, am Meer

Øving 2

Øv på dativ! Trykk på rett svaralternativ.

Øving 3

Fyll inn dativendingane som manglar. Les setningane høgt og omset dei.

Wohnen

  1. Ich wohne in ein_ Dorf (n) im Süden von Norwegen.

  2. Wohnt ihr auf ein_ Bauernhof (m)?

  3. Wohnst du in ein_ Wohnung (f)?

  4. Viele Studenten wohnen in ein_ Studentenheim (n).

  5. Wohnt Anna auf d_ Land (n)?

  6. Unsere Großeltern wohnen in d_ Bergen (pl).

  7. Er wohnt gerne in d_ Stadt (f).

  8. Wohnt ihr in ein_ WG (f)?

Øving 4

Nominativ eller dativ? Klikk på rett alternativ.

Hugs:

  • Nominativ er forma til subjektet. Subjektet finn du ved å spørje: Kven eller kva er ...? Kven eller kva gjer ...?

  • Stadpreposisjonar tek dativ når stadleddet gir svar på spørsmålet: Kvar er ...?

Øving 5

No hugsar du kanskje alle stadpreposisjonane du har jobba med på denne sida?

Stadledd

  • Eit stadledd er det same som eit stadadverbial.

  • Stadledd er setningsledd som fortel

    • kvar nokon eller noko er

    • kvar nokon eller noko skal hen

    • kvar nokon eller noko kjem frå

Skrive av Marion Federl og Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 17.02.2026