Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Hörübungen: Wo und wie wohnst du?

Møt fire unge vaksne som fortel korleis dei bur, og som har meiningar om livet på landet og i byen.

1. Wo und wie wohnst du?

Møt fire unge vaksne frå tysktalande land: Lena, Tom, Corinna og Alexander. Sjå filmen under (lengde: 2:35) og prøv å få med deg denne informasjonen om dei fire:

  • Kven bur i kva by?

  • Kven bur i einebustad, kven i leilegheit og kven i kollektiv?

  • Bor dei åleine eller saman med nokon?

Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Få med deg detaljane

Sjå filmen på nytt og ta notat. Skriv på tysk (eller skriv først på norsk og finn så det tyske ordet).

  • Kva slags rom er det i bustadene dei fire bur i?

  • Kva slags møblar og ting har Tom, Corinna og Alexander?

Snakk om filmen

Snakk til slutt saman på tysk om dei ulike personane i filmen. Spør kvarandre:

  • Wo wohnt ...? .

  • Wie wohnt ...?

  • Welche Zimmer gibt es im Haus / in der Wohnung / in der Wohngemeinschaft?

  • Welche Möbel und Dinge hat ...?

Vokabeln: Wo und wie wohnst du?

das Einfamilienhaus
einebustad
die WG (Wohngemeinschaft)
kollektiv, bufellesskap
die Dreizimmerwohnung
treromsleilegheit
die Einzimmerwohnung
eittromsleilegheit
das Zimmer
rom
das Wohnzimmer
stue
das Badezimmer, das Bad
baderom
das Kinderzimmer
barnerom
das Elternschlafzimmer
foreldresoverom
die Küche
kjøkken
der Keller
kjellar
der Flur
gang, entré
der Schrank
skap, klesskap
der Fernseher
tv-apparat
der Esstisch
matbord
der Schreibtisch
skrivebord
das Bett
seng
der Sessel
komfortabel stol, vanlegvis med armlene

2. Stadt oder Land?

I filmen under (lengde: 1:33) fortel Lena, Corinna, Tom og Alexander kvar dei føretrekker å bu, og kvifor.

Før du ser filmen: Lag to lister med argument. Kva fordelar har det å bu på landet? Og kva er bra med bylivet? Skriv på norsk.

Sjå deretter filmen og finn ut: Kven bur helst i byen? Kven bur helst på landet?

Video: Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0

Få med deg detaljane

Les det som står i boksen under, og sjå filmen på nytt. Kven nemner kva?

Auf dem Land

  • die Berge

  • die frische Luft

  • die Ruhe

  • die Natur

  • die Stille

  • auf dem Land

In der Stadt

  • gute

  • viele kleine Geschäfte

  • Cafés

  • Freunde wohnen hier

  • in der Stadt (= in der Stadt aufgewachsen)

  • schneller zu allem

Kvar vil du sjølv helst bu?

Fortel kvar du sjølv føretrekker å bu, og grunngi kvifor.

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 05.02.2026