Grammatikk: Fleirtalsform av substantiv

Fleirtalsformer i tysk
I tysk kan vi danne fleirtalsform av substantiv på fem måtar:
utan fleirtalsending: ein Lehrer – zwei Lehrer
med -e: ein Jahr – zwei Jahre
med -er: ein Kind – zwei Kinder
med -(e)n: eine Sprache – zwei Sprachen
med -s: ein Handy – zwei Handys
Pass på!
Ein del substantiv får i tillegg vokalskifte i fleirtal:
ein Buch – zwei Bücher
ein Vater – zwei Väter
ein Sohn – zwei Söhne
1. Inga fleirtalsending
Substantiv som endar på -er:
ein Politiker – zwei Politiker
ein Hamster – zwei Hamster
Substantiv som endar på -chen:
ein Mädchen – zwei Mädchen
ein Meerschweinchen – zwei Meerschweinchen
Finn ut!
Tre viktige ord på -er får vokalskifte i tysk:
ein Vater – zwei Väter
eine Mutter – zwei Mütter
eine Tochter – zwei Töchter
Kva med dei norske substantiva far, mor og dotter ? Får dei vokalskifte eller ikkje?
2. Fleirtalsform med -e
Mange einstavingsord tek endinga -e i fleirtal.
der Hund – die Hunde
das Jahr – die Jahre
die Hand – die Hände
Finn ut!
Substantivet die Hand får vokalskifte i fleirtal. Kva med det norske ordet hand?
3. Fleirtalsform med -er
Ein del (korte) inkjekjønnsord får endinga -er i fleirtal:
das Kind – die Kinder
das Buch – die Bücher
das Wort – die Wörter
Finn ut!
Kva for eit av eksempelorda får vokalskifte i norsk?
4. Fleirtalsform med -(e)n
Dei fleste substantiva som endar på -e i eintal:
die Schule – die Schulen
die Familie – die Familien
der Junge – die Jungen
Substantiv på -ung får -en i fleirtal:
die Entschuldigung – die Entschuldigungen
die Ausbildung – die Ausbildungen
Substantiv på -in får fleirtalsforma -innen:
die Freundin – die Freundinnen
die Lehrerin – die Lehrerinnen
Finn ut!
Kva kjønn har dei fleste substantiva som endar på -e?
5. Fleirtalsending -s
Initialord (bokstavord):
ein BMW – zwei BMWs
Framandord frå fransk og engelsk:
ein Laptop – zwei Laptops
ein Restaurant – zwei Restaurants
Substantiv som endar på vokalane -a, -i, -o, -u eller -y, får -s som fleirtalsending. Også dette er ofte ord som er lånt frå andre språk:
ein Sofa – zwei Sofas
ein Hobby – zwei Hobbys
ein Foto – zwei Fotos
Finn ut!
Kva fleirtalsending får dei fleste substantiva som endar på vokalen -e?
Øving 1
Vel korrekt fleirtalsform.
Øving 2
Kan du reglane for fleirtal av tyske substantiv? Test deg sjølv!
Øving 3
Kva ending får substantiva under i fleirtal? Skriv ned fleirtalsformene. Skriv òg ned reglane som substantiva er eksempel på. (Bruk oppslagsverk der du treng det.) Samanlikn til slutt med fasiten.
die Katze, die Familie, der Junge, die Schule
der Lehrer, der Bäcker, der Hamster
der BMW, der PC, der VW
der Laptop, das Handy, der Fan
die Oma, das Baby, der Bikini, das Kanu, das Foto
die Lehrerin, die Ärztin, die Schülerin
das Mädchen, das Meerschweinchen, das Kaninchen
der Tag, die Hand, der Film, das Heft, das Pult, das Tier, der Hund, das Pferd
das Kind, das Land, das Wort, das Buch

Bruk av ordbok
Det er ikkje så lett å hugse kjønn og fleirtalsform på alle substantiva. Dessutan finst det ein del unntak. Er du usikker på eit substantiv, bør du slå det opp. Ordboka gir deg meir enn omsettinga: Du får òg vite kjønn, fleirtalsform og annan nyttig informasjon som gjer at du kan bruke ordet rett.
Kjønn
Mange ordbøker og ordlister fører opp den bestemte artikkelen (der, die, das) saman med substantivet:
der Plan (hankjønn)
die Hand (hokjønn)
das Kind (inkjekjønn)
Av og til står i staden forkortingane m, f og n saman med substantivet:
m står for maskulinum (hankjønn)
f står for femininum (hokjønn)
n står for nøytrum (inkjekjønn)
Fleirtal
Nokre ordbøker skriv ut fleirtalsforma, andre fører berre opp endinga:
der Bleistift, -e → fleirtalsform: die Bleistifte
die Katze, -en → fleirtalsform: die Katzen
das Fenster, - → fleirtalsform: die Fenster
Vokalskifte i fleirtalsforma blir ofte markert med ei lita stjerne (ein asterisk):
der Sohn, -e* → fleirtalsform: die Söhne
die Stadt, -e* → fleirtalsform: die Städte
das Buch, -er* → fleirtalsform: die Bücher
Pass på!
Vanlegvis er eigeforma til substantivet oppgitt i tillegg til fleirtalsforma. Døme på eigeform: mannens, barnets
Denne forma blir òg kalla genitiv. Genitivforma står som regel framfor fleirtalsforma: Mannes / Männer (mannens / menn)
Ver nøye når du skal finne fleirtalsforma av substantivet. Her er det lett å ta feil!
Øving 4
Bruk ei ordbok og finn både kjønn og fleirtalsforma av substantiva. Samanlikn så med fasiten.
Ball
Tastatur
Maus
Glas
Idee
Name
Kuli
Haus
Bild
Rucksack
Øving 5
Substantiva under er mykje brukte. Skriv ned fleirtalsformene. Kva er felles for dei?
der Vater
die Tochter
die Mutter
der Sohn
das Wort
das Buch
das Land
die Hand