Grammatikk: Kjønn på substantiv

Kva hugsar du om substantiv?
Snakk saman i par, og samanlikn så med informasjonen i boksen under.
Substantiv og kjønn
Eit tysk substantiv har ofte eit anna kjønn enn det tilsvarande norske. Du må derfor lære deg kjønnet på substantivet samtidig som du lærer ordet.
Men det finst nokre reglar som kan hjelpe deg. Dei gjeld ikkje nødvendigvis utan unntak, men sjansen din for å bruke substantivet rett aukar betrakteleg!
Hankjønnsord
Mannlege personar: der Vater, der Onkel, der Cousin
Mannlege yrkesutøvarar: der Elektriker, der Bäcker
Substantiv som endar på -er: der Hamster, der Taschenrechner
Vekedagar: der Montag, der Dienstag, der Mittwoch, der Donnerstag, der Freitag, der Samstag, der Sonntag
Himmelretningar: der Westen, der Süden, der Norden, der Osten
Tider på dagen: der Morgen, der Mittag, der Vormittag, der Nachmittag, der Abend (unntak: die Nacht)
Finn ut!
Substantiva die Mutter, die Schwester og die Tochter endar alle på -er. Likevel er dei ikkje hankjønnsord. Kan du tenke deg kvifor?
Øving 1
Finn hankjønnsorda. Vel mellom interaktiv oppgåve og vanleg tekstversjon.
Hokjønnsord
Kvinnelege personar: die Mutter, die Tochter, die Oma
Kvinnelege yrkesutøvarar: die Elektrikerin, die Bäckerin
Substantiv som endar på -e: die Toilette, die Sprache, die Frage
Substantiv som endar på -ung: die Entschuldigung, die Ausbildung
Substantiv som endar på -ie: die Chemie, die Biologie
Substantiv som endar på -ik: die Musik, die Physik
Finn ut!
Substantivet der Junge (gut) endar på -e, men er likevel hankjønnsord. Kva regel overstyrer her regelen om at ord på -e er hokjønnsord?
Øving 2
Finn hokjønnsorda. Vel mellom interaktiv oppgåve og vanleg tekstversjon.
Inkjekjønnsord
Substantiv som er namn på "ungen" til menneske eller dyr: das Baby, das Kind, das Kalb
Substantiv på -chen: das Mädchen, das Kaninchen
Substantiv på -um: das Zentrum, das Museum, das Studium
Substantiv på -ment: das Instrument, das Parlament
Substantiv på -o: das Auto, das Kino
Substantiv som er laga av infinitivforma av verbet: das Lesen, das Leben
Finn ut!
Mädchen er eit inkjekjønnsord. Kvifor kan dette verke litt merkeleg?
Øving 3
Finn inkjekjønnsorda. Vel mellom interaktiv oppgåve og vanleg tekstversjon.
Øving 4
Hugsar du reglane for kjønn på tyske substantiv? Test deg sjølv!