Übungen: Mein Schulalltag
1. Bli ein glosemeister
Pugg glosene til teksten "Stundenplan und Schulfächer"!
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa.
2. Les og omset i par
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B omset ho til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B omset ho. (Bruk tipsa om nødvendig.) Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
3. Minidialogar
Jobb i par og lag åtte minidialogar etter mønsteret nedanfor. A lagar spørsmålet, B svarer, og så byter de.
Svaret skal vere positivt (ja) og starte med setningsleddet som er utheva (tidsadverbialet/tidsleddet).
Pass på! Det bøygde verbet skal stå rett etter tidsleddet, akkurat som i norsk.
Døme
Hast du am Montag Mathe?
Ja, am Montag habe ich Mathe.
4. Dialogøving
Jobb i par. Les dialogen med fordelte roller.
Byt ut ut med eigne fag de har i dag, og lær dialogen utanåt. Skriv han gjerne ned for å hugse han betre. Spel han for eit anna par, eller framfør han for læraren.
Hallo ..., wie gehts?
Hallo ..., mir gehts gut, danke. Und dir?
Auch gut, danke! Sag mal, welche Fächer hast du denn heute?
Ich habe zuerst Mathe und dann Gemeinschaftskunde. Am Nachmittag habe ich zwei Stunden Englisch. Und du? Was hast du heute?
Ich habe zuerst zwei Stunden Deutsch und dann zwei Stunden Norwegisch. Nach der Pause habe ich Sport, Englisch und Geografie.
Sieben Stunden? Puh! – Du, die Mathe-Stunde fängt gleich an. Machs gut!
Du auch! Tschüss!
5. Lytteøving
Kajas Stundenplan
Svar på norsk!
Kor gammal er Kaja, og kva klasse går ho i?
Kva fag har Kaja første time måndag?
Kva vekedag har Kaja kroppsøving?
Kor mange dagar har Kaja skule på ettermiddagen?
Kva dag har Kaja fri i første time?
Kaja har berre to av desse realfaga: fysikk, biologi, kjemi. Kva to?
6. Klasseromsspråk
Lær ord og uttrykk som kjem godt med i tysktimen!
Sjå videoane og svar på spørsmåla.
Les og omset videotranskripsjonane i par. Den eine er læraren, den andre er eleven.
Øv i par! Omset setningane i glosekortoppgåva.
Om de har tid: Lag eit kort rollespel og framfør det.
Film: Ich muss aufs Klo! (lengde 1:39)
Kva er emnet for tysktimen?
Kva gjenstandar viser læraren fram?
Kva spør Jonas om?
Kvifor blir læraren så sint?
Film: Fenster auf, Tür zu! (lengde 1:15)
Kva er det læraren spør og ber elevane om?
Kvifor er ikkje læraren nøgd med elevane?
Vokabelkarten: Im Unterricht
Jobb saman to og to.
Elev A les han tyske setninga høgt, og elev B omset den til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les han norske setninga høgt, og B omset han. (Bruk tipsa om de treng det.) Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
Rollenspiel: In der Deutschstunde
Jobb i grupper på fire til seks personar. Skriv manus til ei kort undervisningsscene, og framfør scena utan manus. Læraren bestemmer kva punkt de må ha med i rollespelet.
Førebuingstid: 30–45 min.
Forslag til krav
Vis at de kan
stave på tysk
be om å gå på do
be nokon opne eller lukke døra eller vindauget
be nokon slå lyset av eller på
seie namna på ein del skulesaker på tysk
gi og forstå beskjedar på tysk
oppgi tal og/eller løyse enkle reknestykke på tysk
7. Favorittfag
Lær å seie kva som er favorittfaget ditt, og lêr å grunngi kvifor du liker faget så godt. Start med å sjå filmen "Mein Lieblingsfach" (lengde: 1:01) og svar så på spørsmåla.
Kva favorittfag har elevane?
Kva fag får kva vurdering?
"Es macht gute Laune."
"Es ist sehr interessant und nützlich."
"Es ist spannend!"
"Es ist eine schöne Sprache!"
"Mein Lieblingsfach! Ich liebe Action!"
Film: Mein Lieblingsfach
Mini-Interviews
Gå rundt i klasserommet og spør minst fem medelevar kva favorittfag dei har, og kvifor dei er glade i faget. Fortel òg om ditt eige favorittfag.
8. Skriv og fortel: " Mein Schultag"
Bruk det du har lært til å skrive ein tekst om skuledagen din. Bruk tekstane du har lese, oppgåvene du har jobba med, og ordboka du har på skule-pc-en din som hjelpemiddel.
Når utkastet er klart, kan du be ein medelev om å lese og gi tilbakemelding på teksten din. Eller du kan bruke ein praterobot for å få hjelp til å forbetre teksten. Ved bruk av praterobot må du gjere dette:
Lever både utkastet (eigenprodusert tekst utan bruk av KI-verktøy) og den behandla teksten (bruk av KI-verktøy).
Dokumenter samtalen med prateroboten: Legg ved spørsmåla du stilte, og svara du fekk.
Reflekter over kva du har lært av skriveoppgåva. Skriv på norsk.
Kor godt kan du fortelje om temaet skule no?
Kva er du nøgd med? Kva synest du er vanskeleg?
Korleis jobba du med teksten?
Kva hjelpemiddel var mest nyttige for deg å bruke? Kvifor?
Kva lærte du mest av i arbeidet med teksten?
Er det noko du vil gjere annleis neste gong du skal skrive ein tekst på tysk? Kva i så fall?

