Grammatikk: Eigedomsord

– Er det din jobb eller min å klippe hekken?
– Vel, det er jo din hage, då ...
Kva er eigedomsord?
Eigedomsord fortel kven som eig noko. I norsk står eigedomsordet til vanleg etter substantivet, men det kan òg stå framfor det. I tysk står eigedomsordet alltid framfor substantivet:
mein Vater far min / min far
meine Tante tanta mi / mi tante
dein Kind barnet ditt / ditt barn
deine Eltern foreldra dine / dine foreldre
pronomen | eigedomsord | |
|---|---|---|
1. person sg. | eg | min |
2. person sg. | du | din |
3. person sg. | han ho det | hans, sin hennar, sin dess, sin |
1. person pl. | vi | vår |
2. person pl. | de | dykkar |
3. person pl. | dei | deira, sin |
Hans, hennar – og sin
I tredje person har vi eigedomsordet sin i tillegg til hans og hennar (og dess). Vi bruker sin når det er subjektet i setninga som er eigaren:
Han låser sykkelen sin.
Ho pakkar sekken sin.
Dei sel bilen sin.
Vi seier at sin er eit refleksivt eigedomsord.
Finn ut!

Kva er forskjellen mellom desse to setningane? (Kven eig brødskiva?) Formuler eit svar og samanlikn så med fasiten.
Ho et brødskiva si.
Ho et brødskiva hennar.
Samsvarsbøying
Nokre norske eigedomsord har berre éi form. Andre blir bøygde i samsvar med substantivet dei står til. Det vil seie at desse eigedomsorda får ulike endingar, avhengig av
om substantivet er eit hankjønns-, hokjønns- eller inkjekjønnsord
om substantivet står i eintal eller fleirtal
Døme: bror min, søster mi, barnet mitt, brødrene mine
Finn ut!
Min, din, hans, hennar, vår, dykkar, deira, sin:
Kva eigedomsord har samsvarsbøying?
Kva eigedomsord er ubøyelege?
Tyske eigedomsord
Du har til no lært dei tyske eigedomsorda mein, dein, sein og ihr:
norsk | tysk | |
|---|---|---|
1. person | min | mein |
2. person | din | dein |
3. person | hans, sin hennar, sin (dess), sin | sein ihr sein |
Sin og sein: ulik bruk i tysk og norsk
Tysk skil ikkje mellom sin og hans, hennar, (dess): Sein viser til ein eigar av hankjønn eller inkjekjønn, ihr viser til ein eigar av hokjønn.
Døme
Er füttert seinen Hund. Han matar hunden sin.
Wo ist sein Hund? Kvar er hunden hans?
Das Kind sucht seine Spielsachen. Barnet leitar etter leikene sine.
Maria füttert ihre Katze. Maria matar katten sin.
Ist das ihre Katze? Er dette katten hennar?
Øving 1
Ihr eller sein? Vel rett eigedomsord.
Samsvarsbøying av tyske eigedomsord
Alle tyske eigedomsorda har samsvarsbøying, og dei blir bøygde som ein og kein. Når dei står framfor eit hokjønnsord eller eit ord i fleirtalsform, må vi altså legge til ein -e:
ein Vater, eine Mutter, ein Kind, keine Eltern
mein Vater, meine Mutter, dein Kind, deine Eltern
Øving 2
Vel rett form av eigedomsordet.
Tips: Sjå på den bestemte artikkelen (der, die, das) framfor substantivet. Han fortel deg kva kjønn substantivet har.
Øving 3
Kva ending må eigedomsordet ha?
Øving 4
Øv på å bruke eigedomsorda i tredje person eintal.
Les setninga på kortet høgt.
Erstatt namnet i setninga med rett eigedomsord: sein (hans) om personen er mann, ihr (hennar) om personen er kvinne.
Vel rett ending på eigedomsordet. Her må du sjå på substantivet som eigedomsordet står saman med:
Hokjønnsord? Legg til -e.
Fleirtalsform av ordet? Legg til -e.
Hankjønnsord eller inkjekjønnsord i eintal? Inga ending.
Snu kortet og samanlikn med fasiten.
Alle tyske eigedomsorda
No skal du bli kjent med dei resterande tyske eigedomsorda.
Pronomen | norsk | tysk | |
|---|---|---|---|
1. person sg. | eg | min | mein |
2. person sg. | du | din | dein |
3. person sg. | han ho det | hans, sin hennar, sin (dess), sin | sein ihr sein |
| 1. person pl. | vi | vår | unser |
| 2. person pl. | de | dykkar | euer |
| 3. person pl. | dei | deira, sin | ihr |
| høfleg form | De | Dykkar | Ihr |
Som allereie nemnt: Alle tyske eigedomsorda blir bøygde som ein og kein. Når dei står framfor eit hokjønnsord eller eit ord i fleirtalsform, må vi altså legge til ein -e:
unser Vater, unsere Mutter, unser Kind, unsere Eltern
euer Vater, eure Mutter, euer Kind, eure Eltern
ihr Vater, ihre Mutter, ihr Kind, ihre Eltern
Pass på!
Euer
Eigedomsordet euer blir til eure framfor hokjønnsord og ord i fleirtalsform. Forma euere finst, men ho er svært lite brukt.
Deira og sin
Tysk skil ikkje mellom deira og sin. Døme:
Sie treffen ihre Freunde.
Setninga kan bety at dei treffer
vennene sine
vennene hennar
vennene deira (dvs. vennene til nokre andre)
Vanlegvis vil vi forstå ut frå samanhengen korleis vi skal oppfatte eigedomsordet.
Høfleg form
Det høflege eigedomsordet er Ihr (Dykkar). Det blir skrive med stor forbokstav, akkurat som det høflege pronomenet Sie (De).
Vi bruker Sie og Ihr både overfor ein person og overfor fleire.
I norsk bruker vi svært sjeldan høfleg form; vi bruker du og din. I tysk er høfleg form vanleg i mange situasjonar.
Øving 5
Kva er rett omsetting?
Øving 6
Vel rett form av eigedomsordet.
Tips: Sjå på den bestemte artikkelen (der, die, das) framfor substantivet. Han fortel deg kva kjønn substantivet har.
Øving 7
Skriv inn rett form av unser, euer og ihr. Omsett så til norsk.
Øving 8
Omsett det tyske eigedomsordet ihr rett.
Les kvar setning nøye. Viser ihr til ein kvinneleg person, viser ordet til fleire personar, eller er det brukt som høfleg form? Omsett setningane til norsk.
Wo wohnt ihr Onkel? (Sandra und Marios Onkel)
Woher kommen ihre Eltern? (Fatimas Eltern)
Ihr Cousin ist Student. (Elias' und Adams Cousin)
Spielen Ihre Kinder ein Instrument, Herr Hoffmann?
Was sind ihre Hobbys? (Martinas Hobbys)
Ist das Ihr Hund, Frau Koller?
Øving 9
Øv på å bruke eigedomsorda i tredje person eintal og fleirtal.
Les setninga på kortet høgt.
Erstatt namnet eller namna i setninga med sein (hans) eller ihr (hennar/deira).
Sjekk substantivet som følger etter eigedomsordet:
Hokjønnsord? Eigedomsordet får -e.
Fleirtalsform av eit ord? Eigedomsordet får -e.
Hankjønnsord eller inkjekjønnsord i eintal? Inga ending.
Snu kortet og samanlikn med fasiten.
Øving 10
Omsett setningane nedanfor til norsk:
Lisa liest ihr Buch.
Peter liest sein Buch.
Peter und Lisa lesen ihr Buch.
Obs! Alle tre setningane kan omsettast på fleire måtar, alt etter kven ein ser for seg som eigaren av boka. Noter alle alternativa som du kjem på.
Øving 11
Kva veit du no om eigedomsord? Test deg sjølv!