Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk ekstremistiske grupper

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar. I denne oppgåva skal du utforske likskapar og forskjellar mellom ulike former for ekstremisme.

Førebuing

Les artikkelen om ekstremisme og terrorisme.

Oppgåve 1

Les artiklane "Høgreekstremisme", "Venstreekstremisme" og "Islamistisk ekstremisme".

  1. Kva likskapar og forskjellar finn du mellom høgreekstremisme, venstreekstremisme og islamistisk ekstremisme?

  2. I kva grad er desse grupperingane ein trussel mot demokrati og samfunn i dag?

  3. Korleis kan vi motverke radikalisering og rekruttering til slike grupperingar?

Oppgåve 2

Les artiklane "Økofascisme" og "Incels".

  1. På kva måte kan økofascisme og incels knytast til høgre- og venstreradikalisme?

  2. Kvifor blir personar radikaliserte inn i slike miljø?

Oppgåve 3

Samarbeid i par eller i små grupper.

  • Ta utgangspunkt i høgreekstremisme, venstreekstremisme eller islamistisk ekstremisme. Finn ei gruppe, ei rørsle eller eit parti som går inn under kategorien valdeleg ekstremisme.

  • Undersøk kva gruppa står for, og korleis ho bruker vald for å nå måla sine.

  • Reflekter over korleis ein kan førebygge rekruttering til denne gruppa.

  • Presenter arbeidet for resten av klassen.

Samanfatt i klassen til slutt. Prøv gjerne å samanlikne nokre av gruppene i fellesskap.

Skrive av Tor Ivar utvik.
Sist oppdatert 14.04.2026