Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk ekstremistiske grupper

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar. I denne oppgåva skal du utforske likskapar og forskjellar mellom ulike former for ekstremisme.

Førebuing

Les artikkelen om ekstremisme og terrorisme.

Oppgåve 1

Les artiklane "Høgreekstremisme", "Venstreekstremisme" og "Islamistisk ekstremisme".

  1. Kva likskapar og forskjellar finn du mellom høgreekstremisme, venstreekstremisme og islamistisk ekstremisme?

  2. I kva grad er desse grupperingane ein trussel mot demokrati og samfunn i dag?

  3. Korleis kan vi motverke radikalisering og rekruttering til slike grupperingar?

Oppgåve 2

Les artiklane "Økofascisme" og "Incels".

  1. På kva måte kan økofascisme og incels knytast til høgre- og venstreradikalisme?

  2. Kvifor blir personar radikaliserte inn i slike miljø?

Oppgåve 3

Samarbeid i par eller i små grupper.

  • Ta utgangspunkt i høgreekstremisme, venstreekstremisme eller islamistisk ekstremisme. Finn ei gruppe, ei rørsle eller eit parti som går inn under kategorien valdeleg ekstremisme.

  • Undersøk kva gruppa står for, og korleis ho bruker vald for å nå måla sine.

  • Reflekter over korleis ein kan førebygge rekruttering til denne gruppa.

  • Presenter arbeidet for resten av klassen.

Samanfatt i klassen til slutt. Prøv gjerne å samanlikne nokre av gruppene i fellesskap.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Podkast om radikalisering

Kva er radikalisering, og kva kan vi gjere for hindre at nokon blir radikaliserte?

Fagstoff
Radikalisering og ekstremisme

Kva meiner ein med ekstremisme og radikalisering? Finst det nokre kjenneteikn på ein radikaliseringsprosess?

Skrive av Tor Ivar utvik.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022