Utdanningsval etter vidaregåande

1. Utforsk utdanningsmoglegheiter
Vel minst to av punkta under. Bruk lenkene til å utforske ulike utdanningsmoglegheiter og plukk ut minst tre alternative utdanningar som kan vere aktuelle for deg.
Seks trinn til val av utdanning. På denne nettsida finn du tips til korleis du kan gå fram for å velje ei utdanning som er rett for deg: utdanning.no: 6 trinn til valg av utdanning.
Ta ein utdanningstest. Universitet i Sørøst-Norge har laga ein utdanningstest. Bruk testen til å få tips om kva du kan velje: usn.no: Utdanningstest.
Utforsk ulike utdanningar baserte på interessene dine. På denne nettsida kan du utforske ulike utdanningar og yrke baserte på interessene dine: utdanning.no: Utforsk utdanninger.
Kva for utdanningar kan eg velje med karaktersnittet mitt? Ved hjelp av denne karakterkalkulatoren kan du rekne ut karaktersnittet ditt: utdanning.no: Karakterkalkulator.
På denne sida kan du bruke karaktersnittet ditt til å finne ut kva for utdanningar du sannsynlegvis kan komme inn på: utdanning.no: Studievelger.
Vidare utdanning etter yrkesfag. På denne nettsida finn du ei oversikt over kva for moglegheiter du har for vidare utdanning etter yrkesfag: utdanning.no: Hva kan du bli med yrkesfag?
2. Diskuter alternativ
Diskuter alternativa du har valt med ein annan elev. Kva er fordelane og ulempene med desse utdanningsalternativa?
3. Kva er viktigsast når du skal velje?
Diskuter til slutt kva som er viktigast å legge vekt på når de skal velje utdanning. Bli gjerne einige om to eller tre konkrete tips.