Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Val av programområde på yrkesfag

Etter det første året på yrkesfag kan du velje programområde. I denne oppgåva skal du studere informasjonen om ulike program på utdanning.no.
  1. Gå inn på oversikta over ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring på utdanning.no. Vel det yrkesfaglege utdanningsprogrammet ditt og undersøk kva for programområde du kan velje andre året og tredje året.

  2. Vel deretter to eller tre programområde du har lyst til å undersøke nærmare.

  3. Undersøk om dei aktuelle programområda blir tilbodne ved skulen din. Du kan høyre med læraren din eller trykke på det aktuelle programområdet og deretter på "Finn skular" for å sjå kva for skular som tilbyr det.

  4. Når du har funne nokre programområde du vil undersøke nærmare, kan du trykke på "Les meir om programmet". Du kan òg utforske dei ulike moglegheitene for det tredje året og lese meir om dei. Fleire av dei ulike programområda har yrkesbeskrivingar og yrkesintervju. Desse kan du òg finne ved å skrive inn yrket i søkefeltet øvst på sida.

  5. Skriv til slutt ei kort liste over dei programområda som er mest aktuelle for deg saman med ei kort grunngiving.

  6. Diskuter lista di med ein annan elev. Kva tenker de er fordelane og ulempene med dei ulike programområda?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 06.02.2026