Oppgave
Start praten
Kva kan du gjere viss du får det vanskeleg på vidaregåande? I desse oppgåvene skal du diskutere korleis du sjølv og andre kan takle vanskelege utfordringar.
Sjå videoen frå mental helse og diskuter spørsmåla i grupper.
- Trur de at det er vanskelegare for gutar enn jenter å snakke om følelsar? Grunngi svaret.
- Kva trur de er dei viktigaste grunnane til at mange ikkje snakkar om følelsane sine og synest det er vanskeleg å be om hjelp?
- Kva kan du gjere for at det skal bli lettare for andre å snakke om følelsar og korleis dei har det?
Del klassen i grupper på tre eller fire elevar og jobb med oppgåvene.
- Kvar gruppe diktar opp ein person som nett har starta i første klasse på vidaregåande. Kva slags personlegdom, familiebakgrunn, utsjånad og interesser har han eller ho?
Lag ei forteljing om hans eller hennar sine første månader på vidaregåande. Forteljinga skal innehalde:
- Ei eller fleire konkrete utfordringar som personen møter på. Ta gjerne utgangspunkt i eitt eller fleire problem som de veit er aktuelle.
- Ei skildring av korleis personen forsøkjer å løyse problemet. Kva gjer dei? Kven pratar dei med? Oppsøkjer dei nokon for å få hjelp? Kva gjer klassen?
- Ei skildring av korleis løysingane fungerte. Kvifor fungerte dei bra eller dårleg?
- Presenter forteljinga for klassen. De kan presentere forteljinga som ei biletforteljing, teikneserie, rollespel, høyrespel eller liknande.
- Diskuter til slutt forteljinga i plenum. Løyste personen utfordringane sine på ein god måte? Kva kunne han eller ho ha gjort annleis?