Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Aktiv lytting

Korleis kan du bli ein meir merksam lyttar? Å bli høyrd bidreg til ei kjensle av tilhøyrsel og gjensidig respekt. Bli meir bevisst rolla di i kommunikasjon med andre ved å øve deg på å lytte.

Øv på aktiv lytting

Du har kanskje opplevd at ein samtale, der du vil fortelje om noko, plutseleg kan skifte fokus. I staden for å høyre på det du seier, begynner den du snakkar med å fortelje om ei liknande erfaring. Den andre personen kan prøve å forklare deg kva du opplevde, komme med råd eller prøve å ordne opp før du er ferdig med å fortelje.

Vi skal no øve på "aktiv lytting" i ein samtale. Når du lyttar, skal du prøve å halde deg sjølv litt tilbake og la den andre få snakke. Du kan komme med oppklarande spørsmål om nødvendig, men utan å komme med eigne meiningar.

Forløp

  • De set dykk saman to og to. Viss talet ikkje går opp, kan ein tredje person vere observatør.

  • Den eine fortel noko til den andre. Det kan vere ei god oppleving, eit dilemma, ei historie eller noko som har hendt i ein tv-serie de følger med på. Bruk cirka tre minutt på å fortelje.

  • Den andre lyttar og prøver å bruke aktiv lytting (sjå tips i ramma nedanfor).

  • Byt, slik at begge får fortelje og lytte.

Aktiv lytting

  • Sjå på den som snakkar.

  • Ver merksam på kva som blir sagt.

  • Vis med kroppsspråk, ansiktsuttrykk og "tilbakemeldingslydar" at du lyttar. Tilbakemeldingslydar kan til dømes vere: "mmm" eller "ja".

  • Ikkje avbryt.

  • Still oppklarande spørsmål om nødvendig.

  • Samanfatt det den andre har sagt når hen er ferdig med å fortelje.

  • Ikkje kom med eigne meiningar eller snakk om eigne ting.

Reflekter saman

Når de har gjennomført lytteøvinga, kan de snakke saman om henne.

  • Korleis opplevdes det å lytte og å bli lytta til?

  • Korleis var det å halde igjen i ein vanleg samtale?

  • Var det noko som kjendest veldig rart?

  • Er det noko som kan gjere samtalen enklare eller betre?

  • Er det nokon erfaringar frå øvinga de vil ta med dykk vidare?

Denne oppgåva er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av VIP Psykisk helse i skolen.
Sist oppdatert 16.12.2025