Nytt miljø - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nytt miljø

Gode relasjonar er viktig for å trivast på skulen. Korleis kan du bli kjent med nye vener og klassekameratar når du startar på vidaregåande?

Dei fleste som startar på ein ny skule er både spente og nervøse for korleis det kjem til å gå. Då kan det vere viktig å hugse at dei fleste har det på den same måten. Dei fleste er på utkikk etter nye menneske å bli kjent med, og starten på vidaregående er ei god moglegheit for å få nye vener og bli kjent med eit nytt miljø.

Oppgåve 1. Bli-kjent-øvingar


Gode relasjonar startar med at vi er nysgjerrige og viser interesse for andre.

  1. Intervju

    • Førebu fem intervjuspørsmål til sidemannen.
    • Gjennomfør eit kort intervju.
    • Gå saman i grupper og presenter sidemannen din for dei andre i gruppa.
  2. To sanningar og ei løgn

    • Skriv ned tre fakta om deg sjølv. To av dei skal vere sanne og eit skal vere løgn.
    • Gå saman i grupper på fire–fem personar.
    • Presenter faktaa om deg sjølv for dei andre i gruppa. La dei gjette kva som er sant og kva som er løgn.

Oppgåve 2. Korleis bli kjent?

Oppgave 3. Kroppsspråk og kjensler

Gode relasjonar er ofte avhengig av at vi kommuniserer ærleg og oppriktig. I desse oppgåvene skal du reflektere over korleis vi viser kjensler og øve deg på å tilpasse deg og sjå korleis andre har det.

Vise kjensler?

Diskuter to og to.

  • Kvifor kan det vere viktig å vise kjensler?
  • Kvifor forsøkjer vi ofte å skjule kjenslene våre?

Ver ein spegel for kvarandre

  • Jobb saman to og to.
  • Den eine mimar ulike kjensler, til dømes sorg, glede, sinne eller bekymring. Den andre skal forsøkje å etterlikne kjensla på same måte.
  • Bytt roller etter eit par minutt.

Gjett kjensla

  1. I løpet av eitt og eit halvt minutt skal gruppene skrive ned så mange ulike kjensler som dei kjem på. Læraren tar tida og gruppene jobbar på følgjande måte:

    • Alle i gruppa skal forsøkje å skrive ned så mange ord som mogleg på lappane dei har framfor seg.
    • Skriv berre éi kjensle på kvar lapp.
    • Når éin i gruppa har skrive ned ei kjensle på lappen sin, roper han eller ho ut ordet høgt og legg det i midten. På den måten høyrer alle i gruppa kva for eit ord det er, og de unngår å skrive same ord fleire gonger.
    • Kvar gruppe tel opp kor mange forskjellige kjensler dei har skrive ned. Den gruppa med flest ulike kjensler vinn.
  2. No skal de mime kjenslene for kvarandre. Gjer det på følgjande måte:
    • Legg alle lappane de har skrive på i midten med den blanke sida opp.
    • Førstemann trekkjer ein lapp og skal mime kjensla for dei andre. Det er ikkje lov å seie eller skrive noko, og dei andre i gruppa skal gjette kva for ei kjensle det er.
    • Alle i gruppa skal mime minst to kjensler kvar.
  3. Oppsummer til slutt i klassen.
    • Kva for kjensler var det vanskelegast å mime?
    • Korleis kan du kommunisere kjensler som er vanskeleg å vise?
    • Korleis kan du gjere det enklare for ande å kommunisere slike kjensler?
Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 30.12.2019