Kjønnsmangfald - Introduksjon - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kjønnsmangfald

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Dei fleste av oss har nokre tankar om hva kjønn er, og korleis det påverkar oss, men kjønn er eit vidt fenomen som kan forståast og opplevast på mange forskjellige måtar.

I denne læringsstien skal du

  • bli kjend med ord og omgrep som beskriv ulike sider ved kjønn
  • få kunnskap om kjønnsmangfald og ulike perspektiv på kjønn
  • forstå korleis det kan opplevast å bryte kjønnsnormer og uttrykkje kjønnsidentiteten sin
  • utforske kjønnsmangfaldet i Noreg og verda
  • reflektere over korleis vi kan bidra til toleranse og respekt i eit samfunn med kjønnsmangfald

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet kjønnsmangfald. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.

Læringsstien er laga i samarbeid med Rosa kompetanse (www.foreningenfri.no/rosa-kompetanse).