Hopp til innhald
Nynorsk
Læringssti

Introduksjon

Vi vil alle ha det litt betre. Og av og til er det ikkje så mykje som skal til. Ved hjelp av små endringar i dei daglege rutinane dine kan du få betre psykisk helse. Forskarar har funne fram til fem universelle grep som kan hjelpe oss med å få auka kvardagsglede.

I denne læringsstien skal du

  • reflektere over kva som gir deg og andre menneske glede i kvardagen

  • få kunnskap om dei fem universelle grepa for auka kvardagsglede

  • lage klasseromsplakatar om auka kvardagsglede

  • gjennomføre ein plan for auka kvardagsglede i ditt eige liv

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet psykisk helse. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.

Læringsstien er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.