Kritisk tenking
Sjå ein film
I denne korte animasjonen (lengde 2:59) får du ei kort innføring i kva som er meint med kritisk tenking.
Kvifor er kritisk tenking viktig?
Å kunne tenke kritisk er ein føresetnad for all vitskap, for å kunne løyse praktiske utfordringar på ein fornuftig måte, og for at eit demokratisk samfunn skal kunne fungere. I Noreg er det å øve seg i kritisk tenking derfor eit viktig prinsipp i opplæringa. Det er formulert slik i den overordna læreplanen som gjeld for alle norske skular:
Opplæringa skal gi elevane ei forståing av kritisk og vitskapleg tenking. Kritisk og vitskapleg tenking inneber å bruke fornufta på ein undersøkjande og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringar, fenomen, ytringar og kunnskapsformer. (Utdanningsdirektoratet, u.å.)
Jorda er flat?
Tenk deg at du flyttar til eit land med eit heilt anna skulesystem enn det vi har i Noreg. Læraren din har fullstendig autoritet i klasserommet, og læreboka du får tildelt, har fasitsvar på alle spørsmål, også spørsmål som handlar om religion, etikk og politikk.
Ein dag seier læraren din at jorda har form som ein flat tallerken, og at det er farleg å segle så langt ut på havet, at ein fell utfor kanten. Kva gjer du då? Aksepterer du blindt det læraren din seier, eller rekker du opp handa og seier: "Ja, men dette stemmer jo ikkje!"
Mest sannsynleg protesterer du, for i Noreg og mange andre land er evna til kritisk tenking avgjerande for måten vi tileignar oss kunnskap på.

Diskuter med ein medelev
- Kva ville de ha gjort dersom læraren sa at jorda var flat?
- Er det noko de lærer på skulen i dag som de meiner det er viktig å stille kritiske spørsmål til?
- Kva legg de i omgrepet "kritisk tenking"?
Å vere ein kritisk samfunnsborgar
Lærer du deg å tenke kritisk, er du også i stand til å vurdere informasjon som du møter både på skulen og i fritida, til dømes i sosiale medium, i politiske debattar eller i marknadsføring.
Her er nokre spørsmål du kan stille deg sjølv:
- Er det du høyrer og les, faktisk sant?
- Er argumenta og premissa haldbare og framstillinga logisk?
- Finst det éin eller fleire alternative teoriar eller forklaringar?
- Kven har interesse av å påverke meiningane dine i denne saka?
- Er informasjonen prega av ei bestemt politisk, religiøs eller vitskapeleg oppfatning?
- Er denne informasjonen viktig, eller har han mindre betydning?

Er jorda verkeleg flat?
Det er svært få i dag som trur at jorda er flat, men du kan likevel bruke spørsmålet til å reflektere over korleis du kan gå fram for å finne ut kva som er sant og usant i ei sak.
Tenk etter
Korleis ville du ha gått fram for å finne ut kven som har rett i dette spørsmålet?
Kva for spørsmål ville du ha stilt til dei som meiner jorda er rund, og til dei som meiner jorda er flat?
Ny teknologi
Mange har teke i bruk kunstig intelligens, ikkje minst til tekst- og biletgenerering. Det blir vanskelegare og vanskelegare å skilje KI-generert materiale frå menneskeskapt. Det krev ei særleg kritisk tilnærming. Når vi bruker praterobotar, må vi vere særleg merksame på at dei
hallusinerer
ikkje kan skilje mellom rett og gale, bra og dårleg
ikkje kan brukast som kjelder
er sensurerte
forsterkar fordommar og skeivskapar
kan misbrukast til svindel (djupfeik)
Du kan lese meir om temaet i fagartikkelen "Praterobotar og kritisk bruk".
Lei av å bli lurt?
Du liker sikkert ikkje å bli lurt av andre, verken av dei menneska du omgår til dagleg, eller av media eller politikarar. Ofte stiller du nok også kritiske spørsmål til det foreldre, lærarar og andre vaksne hevdar er rett. Det er ein viktig del av det å bli vaksen, og heilt naudsynt for at vi som samfunn skal strekke oss mot ny og betre kunnskap.
Men av og til lurer vi oss sjølve og gløymer å stille dei same kritiske spørsmåla til eigne tankar og meiningar, eller til folk i vennekretsen vår. Vi liker nemleg å omgi oss med menneske og informasjon som bekreftar at det vi sjølv trur og tenker, er riktig.
I tillegg er det lett å godta innhaldet i KI-genererte tekstar. Dei er gjerne truverdige og godt formulerte. Det krev mykje kunnskap å avsløre feil og skeivskapar, og det er tidkrevjande. KI utfordrar derfor korleis vi forheld oss til kunnskap.
Skaff deg ein kritisk venn
Er du lei av å bli lurt, så skaff deg ein kritisk venn! Og ver sjølv ein kritisk venn for andre! Det handlar ikkje om å vere negativ til det den andre seier og gjer, men om å hjelpe vennen din med å klargjere eigne tankar. Den rolla går det an å øve på.
Som fordjuping kan du lese kronikken "Kritisk tenkning er viktigere enn mange tror" av Vegard Havre Paulsen på Forskersonen.