Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva er ein god relasjon?

Korleis kan du bli kjend med andre? Kva kjenneteiknar eigentleg ein god relasjon, og kva kan du gjere for å oppretthalde eit godt forhold til andre? I desse oppgåvene skal du reflektere over og diskutere sosiale relasjonar.

Ein og ein

  1. Kva får deg til å kjenne deg bra i ein relasjon? Skriv minst tre konkrete ting som betyr mykje for deg i møte med andre menneske.

  2. Beskriv eit menneske du har møtt som er verkeleg flink til å bli kjend med andre og bygge sosiale relasjonar. Kva kjenneteiknar denne personen? Kva er det hen heilt konkret gjer for å bli kjend med andre?

To og to

Diskuter med ein medelev:

  1. Kva kjenneteiknar ein god relasjon? Bli einige om minst tre ulike punkt.

  2. Kva kjenneteiknar ein person som er flink til å bli kjend med andre? Kva er det hen heilt konkret gjer? Bli einige om minst tre konkrete ferdigheiter ein slik person har.

Fire og fire

Diskuter i grupper:

  1. Kva er det viktigaste du må kunne for å skape ein god relasjon? Kva for ferdigheiter treng du?

  2. Kva er det viktigaste du må gjere for å behalde og ta vare på den gode relasjonen?

  3. Korleis kan du lære deg å bli kjend med andre og bygge sosiale relasjonar? Skriv ned minst tre konkrete tips.

  4. Kvar og når er det lettast å bli kjend med andre? Skriv ned minst tre ulike forslag.

  5. Må du gjere noko annleis om du ønsker å bli kjend med nokon på sosiale medium, enn om du møter dei ansikt til ansikt? Grunngi svaret.

  6. Kva kan de gjere for å bygge ein vennskap når de først har blitt kjende med nokon?

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 06.03.2026