Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fagval i vg2 studiespesialisering

Etter det første året på vidaregåande skule skal du velje program og programfag når du går studiespesialisering. I denne oppgåva kan du utforske kva for moglegheiter du har.

Oppgåver

  1. Les artikkelen "Fagvalg på studiespesialisering" på ung.no. Finn minst to aktuelle tips til kva det kan vere lurt å vere klar over når du skal velje program.

  2. Finn ut kva for programfag som blir tilbodne på skulen din. Du kan til dømes spørje læraren eller sjekke på nettsida til skulen. Vel deretter minst tre programfag du synest høyrast spennande ut.

  3. Les om læreplanen til programfaga du har valt i artikkelen "Læreplanar for fag i utdanningsprogram studiespesialisering" på vilbli.no. Du treng ikkje lese heile læreplanen, men fokusere på kapitla "Relevansen og verdiane av faget", "Kjernelement" og "Kompetansemål". Skriv nokre korte stikkord om kva du liker og ikkje liker ved kvart programfag.

  4. Diskuter lista di med ein annan elev. Kva er fordelar og ulemper ved dei ulike programfaga?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 06.02.2026