Oppgåve
Video
Diskuter: Kva er seksualitet?
Diskuter kva seksualitet er, korleis vi kan snakke om seksualitet på ein god måte, og kva ungdom treng å lære om temaet.
Sjå film
Sjå filmen (lengde 2:50) og jobb med oppgåvene under.
Video: Nok.Bergen Kompetansesenter mot seksuelle overgrep / CC BY-ND 4.0
Oppgåver
Diskuter spørsmåla i grupper. De kan starte med å sjå filmen over som ein inspirasjon, men det er ikkje nødvendig.
Kva er seksualitet?
Korleis kan vi snakke om seksualitet i klasserommet på ein god måte? Formuler tre konkrete tips.
Kva er det viktigaste ungdommar treng å lære om seksualitet?
Kvifor kan det vere spesielt viktig å lære om seksualitet for ungdommar?
Kva ansvar har skulen for å lære ungdommar om seksualitet?