Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Bruk ytringsfridommen din!

Fagartikkel

Ytringsfridom og frie medium

Ytringsfridom handlar om retten til å gi uttrykk for det du meiner. Den er ein grunnleggjande rett og står sterkt i Noreg. Ytrings- og pressefridom er ein føresetnad for demokratiet og er nedfelt i Grunnlova. Media har eit særleg ansvar for å fremje ulike ytringar.
Video: Kyrre Lien / CC BY-NC-SA 4.0

Tenk over

  • Korleis bruker du ytringsfridomen din?
  • Kva kanalar bruker du til å formidle synspunkta dine?

Du har rett til å ytre deg fritt

Ytringsfridom er ein grunnleggjande rett. Du kan bestemme sjølv korleis du vil bruke ytringsfridomen din. Du kan velje å ytre deg, eller du kan velje å la vere å ytre deg.

Kva betyr ytringsfridom i praksis? Jo, det betyr at dersom du til dømes er misnøgd med statsministeren og regjeringa, så kan du kunne seie det høgt, skrive om det i aviser og på nettet og gå i demonstrasjonstog, utan å risikere å bli sett i fengsel for det.

Du kan òg formidle synspunkta dine i munnlege samtalar på skulen, gjennom debattinnlegg i lokalavisa eller når du postar eit innlegg eller deltek i diskusjonar på sosiale medium. Ei ytring er meir enn berre eit skriftleg innlegg eller ei munnleg utsegn. Eit fotografi, ein musikktekst eller val av filter over profilbilete i sosiale medium kan vere andre måtar å uttrykkje meiningar på.

Ytringsfridom og demokrati

Ytringsfridom er ein føresetnad for eit demokrati. Han blir òg rekna for å vere ein sentral menneskerett. I Noreg vart ytringsfridomen lovfesta 17. mai 1814, og han er beskriven i Grunnlova §100:

Ytringsfrihet bør finne sted.

Ingen kan holdes rettslig ansvarlig for å ha meddelt eller mottatt opplysninger, ideer og budskap med mindre det lar seg forsvare holdt opp imot ytringsfrihetens begrunnelse i sannhetssøken, demokrati og individets frie meningsdannelse.

Ytringsfridomen er ein av dei verdiane vi feirar på 17. mai, han er ein føresetnad for at demokratiet vårt skal fungere. Innbyggjarane i Noreg har rett til å få informasjon om kva som skjer i samfunnet, og alle har rett til å kome med synspunkta sine.

Informasjonsfridom

Media har som oppdrag å ta vare på det offentlege ordskiftet. Nyheitsmedia har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer og for å stille kritiske spørsmål til dei som har makt.

Ytringsfridomen slik han er lovfesta i Noreg handlar ikkje berre om retten til å gi uttrykk for eigne meiningar, han handlar òg om informasjonsfridom. Informasjonsfridom betyr at vi har fridom til å søkje ulike typar informasjon og få andre sine ytringar. Vi har rett til å halde oss informerte om viktige spørsmål i samfunnet og til å kunne vere kritiske.

Pressefridom og media sitt samfunnsoppdrag

Sentralt i ytringsfridomen er pressefridomen til journalistar og redaktørar. Ytringsfridomen sikrar pressefridomen fordi han gir pressa eit grunnlovsfesta rett til drive med informasjon, kritikk og debatt.


Media har ei sentral samfunnsrolle. Nyheitsmedia skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val, dette er ein viktig del av det vi kallar for pressa eller media sitt .

Skal vi ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, er vi altså avhengige av ytringsfridomen og media sin pressefridom. På same måte kan vi seie at pressa òg sikrar ytringsfridomen ved å vere ein arena for debatt, sjølv om fleire debattar har flytta seg over i sosiale medium dei siste åra.

Sensur og kontroll av ytringar

Sjølv om prinsippet om ytringsfridom gjeld i dei fleste demokratiske statar, varierer graden av ytringsfridom frå land til land. Omkring halvparten av befolkninga i verda lever i samfunn med ingen eller sterkt avgrensa ytringsfridom.

Det finst fleire land i verda der journalistar blir fengsla og torturerte for å drive med kritisk journalistikk. I land med totalitære regime er sensur eller offentleg førehandskontroll av ytringar ein viktig del av systemet. Sensur betyr at offentlege styresmakter set grenser for kva det er lov til å publisere og spreie offentleg.

Relatert innhald

Kjelde

Grunnloven. 1814. Kongeriket Norges Grunnlov (LOV-1814-05-17). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1814-05-17

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2020