Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Kampen for betre skular i Sør-Afrika

I dokumentarfilmen Dette er en trykksak! møter vi ungdommar i Sør-Afrika som organiserer seg og legg press på makta for å skape endring i skulen.

Om filmen

Operasjon Dagsverk var på besøk i Sør-Afrika nokre månader etter at prosjektet vart valt av Elevtinget. Dei skulle sjå korleis organisasjonen Equal Education jobbar og bli kjende med ungdommane som driv han.

Equal Education er ein rørsle som er driven av ungdommar, og som kjempar politisk for at styresmaktene skal følge opp lovene som vart skrivne etter at apartheid vart oppheva i 1994. Sjølv om lovene seier at alle har rett på lik utdanning uansett hudfarge, er ikkje dette kvardagen for millionar av ungdommar i Sør-Afrika. I denne filmen får du møte nokre equalizerar, som er elevar og aktive medlemmar i Equal Education.

Når du jobbar på OD-dagen, bidreg du til at fleire ungdomar kan organisere seg, leggje press på styresmaktene og kjempe for at retten til utdanning skal gjelde for alle.

Sjå filmen (lengde 14:37) og jobb med oppgåvene under.

Oppgåver til filmen

  1. Kvifor er forskjellane så store mellom offentlege og private skular?

  2. Kva er dei største problema som kjem fram i filmen?

  3. Kva utfordringar gir overfylte klasserom?

  4. Kva ligg i utsegna "utdanning er makt"?

  5. Kva er og kva gjer ein equalizer?

  6. Korleis kan du bidra med å forbetre skulen din?

  7. Korleis kan du få til endring utan å sitte i ein maktposisjon?

Rettshavar: Operasjon Dagsverk.
Sist oppdatert 17.09.2026