Hopp til innhald
Nynorsk

Operasjon Dagsverk 2026

Deltek skulen din på Operasjon Dagsverk (OD), eller vurderer de å gjere det? Her finn de informasjon om OD og årets prosjekt. De får også tips til korleis de kan gjennomføre Internasjonal Veke og OD-dagen.

Kva er Operasjon Dagsverk?

Operasjon Dagsverk (OD) er den største solidaritetsaksjonen i Noreg av, med og for ungdom. Kvart år arrangerer OD informasjonskampanjen Internasjonal Veke (IU) som skular i heile Noreg kan vere med på. Her lærer elevane om kva som er med på å gjere verda urettferdig, sett i lys av årets OD-prosjekt og rolla vår i verda.

I oktober eller november er sjølve aksjonsdagen, det vil seie OD-dagen, og då kan elevane velje å jobbe til inntekt for årets prosjekt, som støttar ungdom og utdanning i ein annan del av verda.

Årets prosjekt er i Sør-Afrika

I prosjektet i år står ungdom i Noreg saman med Equal Education, ei rørsle som blir driven av ungdommar, og som organiserer seg og legg press på styresmaktene for å få betre og tryggare skular. Årets prosjekt handlar ikkje om å bygge spesifikke skular i Sør-Afrika, men å presse politikarar til å følge opp lovene som seier at alle, uansett hudfarge, har rett på god utdanning og å vise at aktivisme og ungdomsorganisering faktisk fungerer.

Nedst på sida finn du utvalde undervisningsopplegg knytte til årets prosjekt. Opplegga er utarbeidde av Operasjon Dagsverk.

Meir informasjon og fleire undervisningsopplegg finn du på nettsidene til Operasjon Dagsverk:

På NDLA kan de finne meir stoff om Sør-Afrika i engelskfaget:

South Africa

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen. Rettshavar: Operasjon Dagsverk.
Sist oppdatert 31.08.2026