Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Årets OD-prosjekt i Sør-Afrika

Nokre saker kan ikkje vente. I Sør-Afrika går millionar av ungdommar på skular der overfylte klasserom, falleferdige bygg og uverdige toalett er ein del av skulekvardagen. Forskjellane har djupe røter i apartheid. Hudfarge og bakgrunn påverkar framleis kva moglegheiter ungdom får.

Samarbeid

I Operasjon Dagsverk (OD) i 2026 står ungdom i Noreg saman med Equal Education, ei rørsle som blir driven av ungdommar, og som organiserer seg og legg press på styresmaktene for å få betre og tryggare skular.

Prosjektet er i samarbeid med SAIH, Norsk Folkehjelp og NF Solidaritetsungdom.

Kvifor Sør-Afrika?

Sør-Afrika er eitt av landa i verda med størst forskjellar mellom fattig og rik. Forskjellane ser vi også i skulen, og dei heng tett saman med historia til landet.

Under apartheid bestemde hudfargen din kva rettar og moglegheiter du hadde. Svarte sørafrikanarar blei utsette for systematisk rasisme, og skulesystemet var delt etter hudfarge. Kvite elevar fekk langt fleire ressursar og betre skular, mens svarte elevar fekk ei utdanning som bevisst skulle gi dei færre moglegheiter.

Apartheid tok slutt for over 30 år sidan, men forskjellane forsvann ikkje med systemet. Framleis går mange svarte elevar på skular som manglar klasserom, straum, vatn og toalett, og der skulebygga fell frå kvarandre. Det viser at arven etter apartheid framleis påverkar kva moglegheiter ungdom får.

Ungdom får makta til å lytte

Equal Education er ei ungdomsleidd rørsle i Sør-Afrika som organiserer elevar i kampen for betre og tryggare skular.

Ungdommane undersøker forholda på skulane sine og bruker det dei finn til å legge press på styresmaktene. Når mange nok står saman, blir det vanskeleg for makta å ikkje lytte.

Det har gitt resultat. Equal Education har vunne fram i saker som har ført til forbetringar for millionar av elevar i Sør-Afrika. Med ungdom i Noreg i ryggen kan dei organisere endå fleire ungdommar og få fleire gjennomslag.

Læring og engasjement gjennom OD i år

I Sør-Afrika viser ungdom kva som kan skje når mange står saman og krev å bli høyrde. Gjennom OD får elevar i Noreg lære om si eiga påverknadskraft og engasjere seg i nokre av dei same spørsmåla.

OD er eit samlande skuleprosjekt der elevane får

  • lære om ulikskap, demokratisk deltaking og retten til utdanning

  • oppleve at dei kan utgjere ein forskjell for seg sjølv og andre

  • forstå kva solidaritet betyr i praksis

  • bli kjende med andre ungdommar på tvers av klassar og trinn

  • verdifull jobberfaring på OD-dagen

FNs berekraftsmål

Tematikken i kampanjen i år gir ein god innfallsvinkel til arbeid med desse berekraftsmåla:

Mål 1: Utrydde fattigdom

Mål 4: God utdanning

Mål 10: Mindre ulikskap

Denne artikkelen er skriven av Operasjon Dagsverk og kan òg lesast på nettsidene deira: Delta på OD.

Rettshavar: Operasjon Dagsverk.
Sist oppdatert 17.09.2026