Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

ADR-dokument ved vegtransport

Transport av farleg gods krev særskild dokumentasjon. Her lærer du om dokument som skal følge det farlege godset.

Farleg gods

Ved transport av farleg gods skal det alltid ligge føre skriftlege instruksjonar. Unntaket er for transport av avgrensa mengder av det farlege godset.

  • Denne regelen følger ADR 8.1, særleg 8.1.2 (tidlegare 8.1.5 og 8.1.2.3 i gamle margnummer).

  • Skriftlege instruksjonar (fire-siders EU-ADR-instruksjon) skal alltid ligge i førarhytta.

  • Unntak: transport berre i avgrensa mengder (LQ) er halde unna kravet (ADR 3.4 og 8.1.5.1, note).

  • ADR bruker no omgrepet "skriftlege instruksjonar" (tidlegare kalla "transportuhellskort").

Desse skriftlege instruksjonane skal du oppbevare i førarhytta (ADR kap. 8.1.2.3). Ved ulykke overlet du informasjonen om det farlege godset til skadestadsleiaren så snart denne kjem til ulykkesstaden. I tillegg skal fraktbrev for transport av farleg gods innehalde dei opplysningane som kjem fram av ADR kap. 5.4.1.1.

ADR 2025 kap. 5.4.1.1 spesifiserer krav til dokumentasjon

  • UN-nummer

  • den offisielle transportnemninga til stoffet

  • klasse, emballasjegruppe

  • tunnelrestriksjonskode

  • mengde osb.

ADR kompetanse- og godkjenningsbevis

Sjølv skal du ha med deg gyldig ADR-kompetansebevis i tillegg til ADR-godkjenningsbevis for køyretøyet. Godkjenningsbeviset for køyretøyet skal ligge i køyretøyet. Køyrer du tankbil, skal du ha med deg kompetansebeviset ditt for ADR-tanktransport.

Melding ved internasjonal ferjetransport av farleg gods

Forskrift om lossing, lasting osb. av farlege stoff i sjøområdet til kommunen regulerer meldeplikt om farleg gods i sjøområdet i kommunen, men sjøtransport generelt er ikkje eit kommunalt ansvar.

Kommunane har ansvar for tilsyn og mottaksmelding i hamn, ikkje for sjølve transporten.

Regelverket stiller krav om at alle som kjem til ei hamn med farleg gods, skal melde frå minst 24 timar før framkomst. Vi finn reglane i kapittel 3 i forskrift om lossing, lasting osb. av farlege stoff i sjøområdet til kommunen.

Kapittel 3 i forskrifta

§ 3-1. Melding

Agent eller transportør for, eller fører av, transportmiddel som bringer farlig gods inn i havner på vei eller jernbane, skal gi melding til havneadministrasjonen om hva slags farlig gods som bringes inn og i hvilke mengder. Melding skal gis minst 24 timer før ankomst. Er ikke dette mulig, skal melding gis så snart ankomsttidspunktet kan fastlegges. Fristen kan reduseres med havneadministrasjonens samtykke.

§ 3-2. Unntak fra meldeplikten

Unntak for farlig gods i begrensede mengder (LQ) etter IMDG 18 eller ADR 1.1.3.6 / LQ-reglene.

Harmonisering av regelverk

Regelverk for skip og sjøtransport har i aukande grad blitt harmonisert med internasjonale konvensjonar og kodar (mellom anna IMO, IMDG, IBC/IGC), der nasjonale forskrifter grip inn på spesifikke punkt.

Legg merke til at regelen ikkje berre gjeld fartøy (maritime transportmiddel er regulerte ved IMDG-koden), men alle transportmiddel som bringar farleg gods til hamna. Regelen gjeld altså òg for køyretøy som kjem til eit hamneområde med ADR-gods. Viss du til dømes kjem til Oslo hamn med farleg gods som skal vidare med båt til Europa, skal hamnestyresmaktene ha beskjed minst eit døgn i førevegen.

Forkortingar og regelverk brukte i skipsfart (eit utval)

IMO
FN-organ som lagar dei globale sikkerheitsreglane for skipsfart ("sjefen" over dei andre regelverka)
IMDG
regelverket for farleg gods i pakkar og einingar på skip
IBC
regelverket for skip som fraktar flytande kjemikal i bulk
IGC
regelverket for skip som fraktar flytande gassar i bulk

Farleg gods-papir ved sjøtransport

IMDG-koden gjeld for sjøgåande fartøy i internasjonal fart. Innanlands ferjedrift kan bruke IMDG-koden, men har òg nasjonale unntak og forenkla føresegner.

Denne koden krev at føraren av eit fartøy skal ha oversikt over kvar på skipet farleg gods er lasta. Derfor må ADR-dokumentasjonen bli komplettert med eit stuingssertifikat ved ferjetransport.

Når eit ADR-køyretøy køyrer om bord på ferje:

  • Førar har med seg skriftlege instruksjonar etter ADR 8.1.5.

  • Skipet treng ikkje eigne transportuhellskort.

Kjelder

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. (2025). ADR/RID Landtransport av farlig gods – 2025. Fagbokforlaget. https://www.dsb.no/siteassets/rapporter-og-publikasjoner/veileder/adrrid-2025.pdf

Forskrift om landtransport av farlig gods. (2009). Forskrift om landtransport av farlig gods (FOR-2009-04-01-384). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2009-04-01-384

Forskrift om lossing, lasting mv av farlige stoffer i kommunens sjøområde. (2009). Forskrift om lossing, lasting, lagring og transport innen kommunens sjøområde og havner innenfor samme område av farlige stoffer og varer (FOR-2009-12-15-1543). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2009-12-15-1543

International Maritime Organization. (u.å.). IMDG Code. Henta 2. desember 2025 frå https://www.imo.org/en/publications/pages/imdg%20code.aspx

International Maritime Organization. (u.å.). The International Maritime Dangerous Goods (IMDG) Code. Henta 2. desember 2025 fra https://www.imo.org/en/ourwork/safety/pages/dangerousgoods-default.aspx

UNECE. (u.å.). About the ADR. Henta 2. desember 2025 frå https://unece.org/transport/dangerous-goods/about-adr

UNECE. (u.å.). Linguistic versions (ADR, Instructions in writing). Henta 2. desember 2025 frå https://unece.org/transport/road-transport/linguistic-versions-adr-instructions-writing

UNCE. (2004). ADR 2025 - Agreement concerning the International Carriage of Dangerous Goods by Road. https://unece.org/adr-2025-files

Relatert innhald

Skrive av Gunnar Ottesen og Haldor Hove. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 02.12.2025