Skriv fraktbrev og lag reiserute
Oppgåve 1
Bruk opplysningane nedanfor og fyll ut eit fraktbrev.
Godset består av 24 stk. IBC-konteinarar à 1000 liter.
Kvar konteinar har ei vekt på 1095 kg og inneheld måling eller lakk eller målingsrelatert stoff (inklusive målingstynnar eller målingsfjernar); godset skal ha varseletikett UN 1263 og høyrer til emballasjegruppe III.
Sendar er Steen-Hansen AS, Ulsmågvegen 24, 5224 Nesttun.
Mottakar er Egersund Not, Varbergveien 51, 4371 Egersund.
Leveringsadresse er Egersund Not, 8976 Vevelstad.
Mottakar betaler frakt.
Oppgåve 2
Lag ei reiserute og legg opp turen slik at du får levert varene før kl. 14.00 på torsdagen i veka som kjem.
Forklar korleis du kjem fram til svaret ditt.
Oppgåve 3
Skriv merkelappar til 3 stk. IBC.
Relatert innhald
Lær om dokumenta som følger med ved ulike godstransportoppdrag.