Fagstoff
CMR-fraktbrev
Her lærer du kva krav lova stiller til internasjonale vegfraktavtalar.

Basert på CMR-konvensjonen har den internasjonale vegtransportunionen (IRU – International Road Transport Union) utarbeidd eit fraktbrevformular. Fraktbrevet har 18 felt og dekker den obligatoriske informasjonen som eit internasjonalt bilfraktbrev skal ha.
CMR-fraktbrev
CMR-konvensjonen vart gjord til norsk lov i 1969 og er innarbeidd i vegfraktlova. Vi finn reglane om kva eit internasjonalt bilfraktbrev skal innehalde, i § 10 i vegfraktlova.
| Ved internasjonal framsending skal fraktbrevet innehalde følgande opplysningar: | CMR-fraktbrevrubrikk |
| a) stad og dag for utferding | 16 |
| b) namn og adresse på avsendaren | 1, 16 |
| c) namn og adresse på fraktføraren | 15, 17 |
| d) stad og dag for overtaking av godset, og mottakarstad | 3 |
| e) namn og adresse på mottakaren | 2, 18 |
| f) den vanlege nemninga på godset og pakningsmåten, ved farleg gods den alminneleg godtekne nemninga | 6–8 |
| g) tal på kolli, med særskilde merke og nummer | 5 |
| h) bruttovekta til godset eller mengda gitt på annan måte | 9, 10 |
| i) kostnader knytte til framsendinga (frakt, tilleggskostnader, tollavgifter og andre kostnader som kjem til i tida frå avtalen vart gjord, til utleveringa) | 14 |
| j) nødvendige instruksar som gjeld tollbehandling og andre formalitetar | 11 |
| k) erklæring om at framsendinga – uansett kva annan avtale som er gjord – kjem inn under konvensjonen (jf. § 1) eller lov som er i samsvar med konvensjonen | 12 |
| Når det er nødvendig, skal fraktbrevet òg gi opplysningar om: | |
| a) forbod mot omlasting | |
| b) dei kostnader avsendaren tek på seg å betale | |
| c) etterkravsbeløp som skal innkrevjast ved utleveringa | |
| d) opplyst verdi av godset og det beløpet som særleg utleveringsinteresse utgjer, jf. §§ 33 og 35 andre ledd | |
| e) instruksar frå avsendaren til fraktføraren om forsikring av godset | |
| f) avtalt tidsfrist for å fullføre framsendinga | |
| g) oversikt over dei dokumenta som fraktføraren får hand om | |
| Partane kan ta inn i fraktbrevet andre opplysningar som dei meiner er påkravde. | |
Her er det viktig at du sjekkar at du utleverer godset til riktig mottakar.
Kjelde
Vegfraktlova. (1974). Lov om vegfraktavtaler (LOV-1974-12-20-68). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1974-12-20-68