Fagstoff
Spraypåføringsutstyr
Innan industriell overflatebehandling bruker vi omgrepet spraymåling om ein påføringsteknikk der måling eller belegg blir sprøyta på overflater ved hjelp av spesialisert utstyr. Det finst fleire typar utstyr som kan brukast, avhengig av målingstype og ønskt sluttresultat.

Her blir måling påført med ei målingssprøyte. Påføring med luftlaus sprøyte skaper lite målingspartiklar i lufta. Bilete: Akzo Nobel / Avgrensa gjenbruk
Om spraypåføringsutstyr
Prinsippet for sprøytepåføringsutstyr er at måling blir tvinga gjennom ein slange eller eit røyr til ein sprøytepistol, der ho blir sleppt ut gjennom ei dyse med lita opning.
Når målinga forlet dysa, blir ho broten ned i små dropar og skyvd framover i fart. Det er ulike måtar å oppnå dette på, avhengig av typen sprøytepåføringsutstyr.
Dei vanlegaste metodane og utstyret for spraypåføring er
luftspray
HVLP (høgt volum, lågt trykk)
airless spray
air assist luftlaus spray
fleirkomponent luftlaus sprøytepumpe