Handverktøy

Handverktøy for påføring av måling
Det finst ulike verktøy som kan brukast for manuell overflatebehandling. Desse verktøya spenner frå utstyr for å blande måling til maskering og påføring.
Typiske handverktøy er:
rørepinne for omrøring av måling (Berre til bruk i små målingsboksar. Til større boksar må vi bruke elektrisk miksar.)
penslar (ulike storleikar og former)
målarruller (ulike storleikar og former)
teip for maskering
Påføring med pensel
Viss du skal påføre måling med ein pensel, er det viktig å velje rett type pensel for jobben. Penslar varierer i storleik, form og materiale. Val av pensel avheng av området du skal måle, målingstypen og ønskt finish.
Påføring av måling med pensel krev dyktigheit for å oppnå jamn dekning og unngå penselsmerke. Dette kan inkludere rett teknikk som å bruke lange strøk i same retning, å unngå overmåling og å arbeide i små seksjonar om gongen.
Utfør regelmessig kvalitetskontroll for å sikre at målinga blir jamt påført, utan feil eller uregelmessigheiter. Dette kan inkludere inspeksjon av adhesjon, glans, farge og eventuelle spesifikke eigenskapar som krevst.
Fordelar | Avgrensingar |
|---|---|
|
|

Påføring med rulle
Ved påføring av måling med rulle er det viktig å velje rett type rulle for jobben. Det finst ulike typar ruller med ulike fibrar og strukturar. Storleik og type rulle vil påverke finishen og effektiviteten av påføringa.
Rulla består av eit handtak og ei målarrulle som kan bytast ut. Det er viktig at du får fukta rulla godt ved å rulle ho i måling under påføringa. Bruk aldri det første strøket, for rulla kan fange luft og forårsake knappenålshol i målingsfilmen.
Fordelar | Avgrensingar |
|---|---|
|
|
Tilfredsstillande resultat for industriell og marin måling er svært avhengig av kvaliteten på overflatebehandlinga. Kvaliteten på sluttresultatet kjem altså i stor grad an på påføringsteknikken og utstyret.