Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Slagflate for hammarhovud

Ein god hammar skal slå hardt, men utan å skade det han treffer. Derfor bruker vi utskiftbare slagflater i plast og kopar. I denne delen lærer du korleis du lagar slagflatene. Du jobbar med alt frå 3D-utskriving til dreiing, gjenging og polering.

Instruksjonsfilm

Denne videoen (lengde: 5:20) viser korleis du lagar to slagflater til ein hammar, ei i plast og ei i kopar.

Film: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Slagflata i plast – sterkare enn du trur

3D-printa plast er ofte svak, for eit design med tynne yttervegger og låg fyllingsgrad gir svak struktur. Men om du vel tjukke yttervegger, struktur og høg fyllprosent får du eit solid og slagkraftig produkt. Slagflata i plast skriv du ut mens du arbeider med metallversjonen.

Trinn 1: Førebuing av koparemnet

Kopar er mjuk og kan vere vanskeleg å tilarbeide. Kapp emnet litt stort og deretter begge endane i dreiebenken. Du må gjere små kutt og bruke god skjerevæske. Til gjengjeld får du ei glatt og plan overflate, noko som er viktig når toleransen er liten.

Trinn 2: Dreiing og fasing

Når koparemnet er klart, dreiar du diameteren frå 30 til 29 mm. Du tek eit kutt frå kvar side. Etter kutta sit det igjen skarpe kantar. Desse du med eit skråstilt verktøy. Så lagar du ein liten fas på sida som skal gjengast, og ein større fas på den synlege enden.

Trinn 3: Gjenging

For å kunne feste koparflata til hammarhovudet må du bore og gjenge eit hol med same gjenge som på hammarhovudet. Jobben gjer du i tre trinn og med tre ulike verktøy:

  • senterbor for presisjon

  • gjengebor (gjengetapp) for M12-gjenge

  • for å glatte inngangen

Bruk og for å halde gjengetappen rett dei første millimeterane, og skru deretter gjenga ferdig med sveiv. Resultatet blir reine og rette innvendige gjenge.

Trinn 4: Forming og polering av slagflata

Siste operasjon på kopardelen er å file radius på slagflata og overflata med fint pussepapir. Du set kopardelen i skrustikke (pass på å verne han med mjukt materiale). Så bruker du ein gjengetapp i drillen for å rotere delen jamt mens du polerer.

Trinn 5: Etterarbeid på plastdelen

3D-skrivaren legg plast lag for lag, og det kan gjere at gjenga blir tronge eller ujamne. Bruk derfor ein gjengetapp for å friske opp plastgjenga, og sjekk at delen lett kan skruast inn i hammarhovudet. Det er òg lurt å skrive ut nokre ekstra slagflater og ha dei i reserve i verktøykassa.

Trinn 6: Samanstilling

Alle delane er no klare: hammarhovud, handtak og to slagflater som kan skruast inn og bytast ut etter behov. Hammaren er laga slik at det er slagflata som blir sliten ut, ikkje gjenstanden hammaren slår på.

Refleksjonsspørsmål

  • Kva er forskjellen på ein utvendig og innvendig gjengeprosess?

  • Korleis sikrar du at gjenga i plast ikkje blir for tronge?

  • Kvifor er det viktig å avgrade og polere ei slagflate?

  • Kva kan vere fordelen med utskiftbare slagflater i verktøy?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.04.2025