Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Blånering

Det siste trinnet i hammarprosjektet er å verne ståldelane mot rust. I denne delen lærer du ein enkel og effektiv metode for varmebehandling og oljeforsegling – og du får ein hammar som både ser flott ut og toler tid og alder.

Instruksjonsfilm

Denne filmen (lengde: 2:17) viser deg korleis du blånerer hammaren for å verne han mot rust.

Film: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Kvifor overflatebehandle?

Ein hammar blir brukt både innandørs og utandørs, og metallet reagerer med omgivnadene og vil etter kvart ruste. For å forseinke denne prosessen må metallet overflatebehandlast. Her skal du lære om ein overflatebehandlingsmetode som heiter blånering. Han utnyttar det naturlege fargeskiftet i metall ved ulike temperaturar.

Trinn 1: Reingjering

Før du kan starte overflatebehandlinga, må du fjerne alt av ureinskapar. Feitt, olje og fingeravtrykk vil elles brenne seg inn i stålet og øydelegge overflatebehandlinga. Bruk så til ein siste grundig vask, og tørk delane godt med lofri klut før vidare behandling.

Trinn 2: Varmebehandling

Varm delane jamt med gassflamme. Når temperaturen aukar, begynner stålet gradvis å endre farge.

Fargar ved oppvarming av stål

Temperatur

Farge

200 °Cgyllen
240 °Cbrun
260–280 °Craud til lilla
300 °Cdjupblå (ønskt farge)

Ved 300 °C stoppar du oppvarminga for å unngå at fargen går over i lysegrått eller brungrått, som er eit teikn på for høg temperatur.

Trinn 3: Oljeforsegling

Når stålet har fått rett farge, legg du delen i eit oljebad for ein effekt. Slik går du fram:

  • Fjern flamma.

  • Senk delen varsamt ned i eit kar med .

  • Legg ei stålplate over karet for å hindre at olja tek fyr, og for å avgrense røykgassane.

  • Olja brenner seg no inn i metallet og skapar ei vernande hinne som hindrar rusting.

Delen skal ligge i olja mens du varmar opp neste del. Slik oppnår du eit effektivt produksjonsløp.

Trinn 4: Kjøling og etterarbeid

Når olja har kjølt seg ned og røyken har forsvunne, tek du delen opp av karet. Tørk av overflødig olje, og kontroller at fargen er jamn og djupblå.

Den ferdige hammaren

Etter siste tørk er alle delane klare, og hammarhovudet, handtaket og slagflatene kan setjast saman for siste gong.

Denne typen hammar er vanleg i mekaniske yrke, og det å lage sin eigen hammar er ein hundreårig tradisjon blant fagarbeidarar. Du har no laga deg eit personleg verktøy du kan vere stolt av!

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor må ståldelane reingjerast før varmebehandling?

  • Kva skjer om temperaturen overstig 300 °C under oppvarming?

  • Korleis vernar mineralolje stålet mot rust?

  • Kva farge ønsker vi å oppnå under varmebehandlinga, og kvifor?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.04.2025