Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Hammarhandtak

Handtaket er forlenginga på hammaren, og det må vere både funksjonelt og komfortabelt. I denne økta lærer du korleis du dreier eit langt og smalt emne, lagar gjenge og eit sklisikkert grep og sørger for rett balanse i verktøyet.

Instruksjonsfilm

Denne filmen (lengde: 6 minutt) viser korleis du går fram for å lage hammarhandtaket.

Film: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Eit langt og tynt emne

Hammarhandtaket er langt og tynt. Når du skal dreie eit slikt emne, kan dreiestålet og verktøy presse seg så hardt mot arbeidsstykket at det bøyer seg. Du må derfor nytte senterspiss.

Trinn 1: Sikker oppspenning med senterspiss

Sidan handtaket er langt og tynt, treng du støtte for å unngå vibrasjonar og farleg rotasjon. Første trinn er derfor å planere begge endar av emnet og lage senterhol i kvar ende. Dette gjer det mogleg å bruke , som gir stabil støtte i motsett ende av chucken. Senterspissen blir montert i bakdokka og roterer saman med arbeidsstykket.

Trinn 2: Grovdreiing og diameterjustering

Emnet er 20 mm i diameter i starten. Først skal diameteren på heile handtaket reduserast til 18 mm. Det blir gjort i to kutt på 1 mm. Emnet stikk langt ut, men fordi det blir støtta med senterspiss, er det framleis trygt å jobbe med. Ettersom ein liten del av emnet er inne i chucken, må emnet takast ut og snuast for at du skal få tilgang til heile lengda.

Dreiing skaper friksjon, og friksjon gir varme. Det er derfor lurt å bruke sveisehanskar når du handterer emnet.

Trinn 3: Forming av handtaket

Den ytste delen av handtaket skal ned til 12 mm diameter og få eit frispor inst slik at han kan bli gjenga. Dette er nødvendig for at handtaket skal passe inn i hammarhovudet. Du gjengar med same teknikk som før, med

  • gjengesnitt (gjengebakke) i haldar

  • støtte frå bakdokke og

  • rotasjon og motskruing for sponbryting

Når gjenga er ferdige, snur du emnet igjen slik at den tjukke enden (grepområdet) peiker ut.

Trinn 4: Serratering

For at hammaren skal få eit sikkert grep, serraterer du handtaket. Serratering er ein teknikk for å lage mønster i metall, og desse mønstera gir . For å serratere må du

  • finne fram og montere serrateringsverktøyet

  • stille inn serrateringsverktøyet med ca. 10 gradars vinkel

  • støtte arbeidsstykket med senterspiss

  • smørje godt med olje

Resultatet er ei overflate som gir godt grep sjølv om du har feitt eller olje på hendene.

Trinn 5: Sikring av vektbalanse

For at hammaren ikkje skal kjennast tung bak, borar du eit hol inn i enden av handtaket. På denne måten fjernar du materiale og sørger for betre balanse i det ferdige verktøyet.

Start med senterbor, og hald fram med eit 12 mm bor. Bruk for å halde temperaturen låg. Avslutt med for å fjerne gradar.

Trinn 6: Dreiing av kon

Til slutt dreiar du ei konisk form på den fremre delen av handtaket. For å unngå å skade serrateringa, bør du bruke mjuke bakkar eller legge eit vernelag av tynn messing rundt handtaket.

Kva konisitet og kva gradetal du skal bruke, kan du rekne ut ved å sjå i verkstadshandboka. Du bruker det som blir kalla handformelen.

For å nytte handformelen må du vite diameteren på det tjukkaste området (D) og det tynnaste området (d), og du må vite lengda (l). Desse måla finn du på teikninga.

Formelen for å rekne konisitet er:

 α = D-dl×28,6

For hammaren din blir reknestykket då slik:

α = 17 - 12130×28,6 = 1,1°

No veit du gradetalet. Slik gjer du resten av jobben:

  • Juster til 1,1°.

  • Bruk toppsleiden til å mate verktøyet, ikkje sleiden for Z-aksen.

  • Ta eit grovkutt og deretter fleire finare kutt.

  • Avslutt med eit jamt og sakte kutt med høgt turtal for å få ei fin overflate.

No er handtaket klart!

Når du er ferdig med konusdreiinga, har du eit komplett hammarhandtak med gjenge, grep, balanse og god finish.

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor er det viktig å bruke senterspiss på lange emne?

  • Kva er formålet med serratering på eit handtak?

  • Korleis påverkar boring i enden på handtaket balansen til hammaren?

  • Kva må vi justere på dreiebenken for å kunne dreie ein kon?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.04.2025