Korleis lodde elektronikk og leidningar?
Korleis kan du oppnå eit godt resultat?
Når du skal lodde, kan rett utstyr vere ein viktig nøkkelfaktor for å få eit godt sluttresultat. Det er viktig å bruke rett temperatur, rett flussmiddel og loddetinn og dessutan stativ for å halde komponentane i rett posisjon.
Nødvendig utstyr
Før du startar loddinga, treng du følgande utstyr:
- loddebolt
- elektrisk verktøy som blir varma opp for å smelte loddetinn
- loddetinn
- metalltråd, ofte med ein flusskjerne, som smeltar og dannar sambandet mellom komponentar
- flussmiddel
- reingjer og førebur metalloverflata for lodding (oftast allereie innebygd i loddetinnet)
- loddestativ
- held loddebolten når han ikkje er i bruk
- fuktig svamp eller messingull
- til reingjering av loddespissen
- avbitar eller tong
- til å klippe leidningar og komponentbein
- avmantlingstong
- til å fjerne isolasjon frå leidningar
- vernebriller
- vernar auga
- ventilasjonsutstyr
- bordvifte eller avsug som fjernar lodderøyk
- arbeidsmatte
- varmebestandig matte som vernar arbeidsflata

Trinnvis loddeprosess
Følg desse trinna for eit godt loddesamband:
Trinn 1: Førebuing
Sørg for godt lys og god ventilasjon på arbeidsplassen.
Bruk vernebriller og plasser loddebolten i stativet.
Kontroller at loddebolten er sett til rett temperatur (ca. 300–350 °C).
Trinn 2: Klargjering av komponentar
Bruk avmantlingstong til å fjerne isolasjon frå leidningane (ca. 5 mm).
Vri kopartrådane varsamt saman for å unngå lause trådar.
Reingjer loddespissen med fuktig svamp eller messingull.
Trinn 3: Fortinning
Påfør ei lita mengde loddetinn på loddespissen ("fortinn loddespissen") for god varmeoverføring.
Fortinn enden av leidninga eller komponentbeinet ved å varme metallet med loddespissen og samtidig tilføre loddetinn.
Fortinning betyr å legge på eit tynt lag med loddetinn for å gjere det enklare å samanføye delar.
Trinn 4: Lodding av sambandet
Hald loddespissen mot komponent og kretskort samtidig, slik at begge delar blir varme.
Tilfør litt loddetinn ved overgangen mellom komponent og kretskort. Loddetinnet skal flyte fint og dekke skøyten heilt.
Fjern loddebolten raskt etter at loddetinnet har flytt godt ut.
Trinn 5: Avkjøling og kontroll
La sambandet kjøle seg ned naturleg utan å blåse på loddetinnet.
Kontroller loddepunktet visuelt. Eit godt loddepunkt skal vere blankt og jamt fordelt rundt komponent og leidning.
Klipp bort eventuelle overskytande bein med ein avbitar.
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) ved lodding
Når du loddar, er HMS-tiltak viktig for å unngå skadar og uhell:
Bruk alltid vernebriller for å verne auga mot sprut av varmt loddetinn.
Unngå innanding av lodderøyk ved å sørge for god ventilasjon eller bruke avtrekksvifte.
Unngå å ta direkte på loddespissen, då temperaturen kan gi alvorlege brannskadar.
Ikkje legg frå deg loddebolten utan tilsyn, og slå av loddebolten når han ikkje er i bruk.
Ha ein ryddig arbeidsplass for å førebygge uhell.
Kva kan gå gale under loddinga?
Her er nokre vanlege feil og utfordringar:
Kaldlodding
Dette oppstår viss loddepunktet ikkje blir tilstrekkeleg oppvarma, og det gir dårleg elektrisk kontakt.
Løysinga er å varme opp området på nytt og tilføre litt ekstra loddetinn.
Overoppheiting av komponentar
For mykje varme kan skade sensitive komponentar.
Løysinga er å ikkje halde loddebolten for lenge mot komponentane. Jobb raskt og presist.
Kortslutning
Loddetinn som flyt utover ønskt område kan føre til uønskte elektriske samband.
Løysinga er å bruke rett mengde loddetinn og fjerne overskytande loddetinn med ein loddesugar eller loddeveike.

Relatert innhald
Lodding krev stabilitet og ro. Kvifor ikkje lage eit stativ som kan hjelpe deg i loddeprosessen?