Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Korleis lodde elektronikk og leidningar?

Lodding er ei grunnleggande ferdigheit innan elektronikkfaget. Prosessen går ut på å samanføye elektriske komponentar og leidningar ved hjelp av smelta loddetinn. God lodding sikrar stabil elektrisk kontakt og mekanisk styrke.

Korleis kan du oppnå eit godt resultat?

Når du skal lodde, kan rett utstyr vere ein viktig nøkkelfaktor for å få eit godt sluttresultat. Det er viktig å bruke rett temperatur, rett flussmiddel og loddetinn og dessutan stativ for å halde komponentane i rett posisjon.

Nødvendig utstyr

Før du startar loddinga, treng du følgande utstyr:

loddebolt
elektrisk verktøy som blir varma opp for å smelte loddetinn
loddetinn
metalltråd, ofte med ein flusskjerne, som smeltar og dannar sambandet mellom komponentar
flussmiddel
reingjer og førebur metalloverflata for lodding (oftast allereie innebygd i loddetinnet)
loddestativ
held loddebolten når han ikkje er i bruk
fuktig svamp eller messingull
til reingjering av loddespissen
avbitar eller tong
til å klippe leidningar og komponentbein
avmantlingstong
til å fjerne isolasjon frå leidningar
vernebriller
vernar auga
ventilasjonsutstyr
bordvifte eller avsug som fjernar lodderøyk
arbeidsmatte
varmebestandig matte som vernar arbeidsflata

Trinnvis loddeprosess

Følg desse trinna for eit godt loddesamband:

Trinn 1: Førebuing

  • Sørg for godt lys og god ventilasjon på arbeidsplassen.

  • Bruk vernebriller og plasser loddebolten i stativet.

  • Kontroller at loddebolten er sett til rett temperatur (ca. 300–350 °C).

Trinn 2: Klargjering av komponentar

  • Bruk avmantlingstong til å fjerne isolasjon frå leidningane (ca. 5 mm).

  • Vri kopartrådane varsamt saman for å unngå lause trådar.

  • Reingjer loddespissen med fuktig svamp eller messingull.

Trinn 3: Fortinning

  • Påfør ei lita mengde loddetinn på loddespissen ("fortinn loddespissen") for god varmeoverføring.

  • Fortinn enden av leidninga eller komponentbeinet ved å varme metallet med loddespissen og samtidig tilføre loddetinn.

Fortinning betyr å legge på eit tynt lag med loddetinn for å gjere det enklare å samanføye delar.

Trinn 4: Lodding av sambandet

  • Hald loddespissen mot komponent og kretskort samtidig, slik at begge delar blir varme.

  • Tilfør litt loddetinn ved overgangen mellom komponent og kretskort. Loddetinnet skal flyte fint og dekke skøyten heilt.

  • Fjern loddebolten raskt etter at loddetinnet har flytt godt ut.

Trinn 5: Avkjøling og kontroll

  • La sambandet kjøle seg ned naturleg utan å blåse på loddetinnet.

  • Kontroller loddepunktet visuelt. Eit godt loddepunkt skal vere blankt og jamt fordelt rundt komponent og leidning.

  • Klipp bort eventuelle overskytande bein med ein avbitar.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) ved lodding

Når du loddar, er HMS-tiltak viktig for å unngå skadar og uhell:

  • Bruk alltid vernebriller for å verne auga mot sprut av varmt loddetinn.

  • Unngå innanding av lodderøyk ved å sørge for god ventilasjon eller bruke avtrekksvifte.

  • Unngå å ta direkte på loddespissen, då temperaturen kan gi alvorlege brannskadar.

  • Ikkje legg frå deg loddebolten utan tilsyn, og slå av loddebolten når han ikkje er i bruk.

  • Ha ein ryddig arbeidsplass for å førebygge uhell.

Kva kan gå gale under loddinga?

Her er nokre vanlege feil og utfordringar:

Kaldlodding

Dette oppstår viss loddepunktet ikkje blir tilstrekkeleg oppvarma, og det gir dårleg elektrisk kontakt.

Løysinga er å varme opp området på nytt og tilføre litt ekstra loddetinn.

Overoppheiting av komponentar

For mykje varme kan skade sensitive komponentar.

Løysinga er å ikkje halde loddebolten for lenge mot komponentane. Jobb raskt og presist.

Kortslutning

Loddetinn som flyt utover ønskt område kan føre til uønskte elektriske samband.

Løysinga er å bruke rett mengde loddetinn og fjerne overskytande loddetinn med ein loddesugar eller loddeveike.

Relatert innhald

Loddestativ

Lodding krev stabilitet og ro. Kvifor ikkje lage eit stativ som kan hjelpe deg i loddeprosessen?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 27.03.2025