Hammarhovudet
Instruksjonsfilm
Denne filmen (lengde: 7:27) viser deg korleis du ferdigstiller hammarhovudet.
Siste finpuss på ytterdiameteren
Du startar med å setje inn emnet frå dreieøving 2 i dreiebenken igjen. No skal den siste ytre diameteren finjusterast. Berre 1 mm skal bort, så her er nøyaktigheit ekstremt viktig.
Trinn 1: Finjustering av ytre diameter
Toleransane i dette trinnet er endå strengare enn før, og overflata du lagar no, blir den ferdige flata. Derfor må du vere både varsam og nøyaktig.
Bruk digital avlesing på måleutstyret til dreiebenken og gjer to like kutt frå kvar side slik at du får ein jamn overgang. Nullstill det digitale måleverktøyet når du er ferdig på den eine sida, snu delen og drei ned til dei digitale målarane viser null på den andre sida.
Trinn 2: Små diameterar og store fasar
Neste trinn er å dreie ned dei to små endane på hammarhovudet til 12 mm i diameter. Endane skal seinare gjengast. Derfor lagar du samtidig store fasar som gjer det lettare å starte gjengeprosessen.
For å lage fasane bruker du same dreieverktøy som før, men set det inn i verktøyhaldaren med motsett orientering. Då kan du enkelt stille verktøyet til ca. 45 grader og lage fine og funksjonelle skråkantar.
Trinn 3: Frispor for gjenging
For at gjengeverktøyet ikkje skal "butte" mot skuldrene på delen, må du dreie inn ei såkalla gjengerille, det vil seie eit frispor inst på partia som skal gjengast. Illustrasjonen under viser delen utan og med gjengerille.

For å lage gjengerilla treng du eit spisst dreieverktøy som kjem godt inn i hjørnet. Måla på frisporet finn du i Verkstedshåndboka, og dimensjonen på gjengerilla avheng av stiging og dimensjon på gjenga.
Når du bruker spisse verktøy, må du gjere fleire og mindre kutt, for dei toler mindre belastning enn det grove verktøyet du har brukt tidlegare.
Trinn 4: Utvendige gjenge
For å lage gjenge på dei små diameterane bruker du eit gjengesnitt som blir montert i ein gjengesnitthaldar. I starten støttar du gjengesnittet med pinolrøret i bakdokka. Påfør olje, press varsamt med pinolrøret og roter kjoksen manuelt for å skjere gjenga. Hugs å reversere rotasjonen med jamne mellomrom for å knekke spon.

Viktig
For lite trykk: ikkje nokon gjenge
For mykje trykk: gjengesnittet kan øydeleggast
Dette er ein balansekunst!
Trinn 5: Boring og innvendige gjenge
Siste steg før hammarhovudet er ferdig, er å bore eit hol for å feste skaftet. Framgangsmåten for dette er slik:
Marker senter på den store diameteren med kjørnemerke, og set emnet i maskinskruestikka på søyleboremaskina.
Bruk først senterbor for å hindre at boret sklir.
Bruk deretter eit 10,2 mm-bor. Dette er rett bor for M12-gjenge ifølge Verkstedshåndboka.
Forsenk inngangen til hola for å gjere gjengeprosessen lettare.
Til å lage innvendige gjenge bruker du ein gjengetapp. Du må påføre olje og snu verktøyet jamleg for å knekke av spon, akkurat som ved utvendige gjenge.
No er hammarhovudet klart!
Når gjenga er ferdige og holet er bora og tappa til M12, er hammarhovudet ferdig. No er du klar til å begynne på handtaket.
Refleksjonsspørsmål
Kva er formålet med eit frispor i enden av eit gjenge?
Kva er forskjellen mellom utvendig og innvendig gjenging?
Kvifor bruker vi først senterbor når vi skal bore i ei bogen overflate?
Korleis sikrar du at gjenga blir rette og ikkje knekk?