G-kode for talet 2

Grunnleggande kode
CNC-fresen må ha nokre grunnleggande kommandoar for å kunne fungere. Om du ikkje kjenner til desse kommandoane, kan du lese om dei i eigne artiklar.
Kontur
For CNC-maskina er eit talteikn (eit siffer) eit mønster. Når du skal frese eit mønster, må du fortelje CNC-maskina
kva punkt verktøyet skal bevege seg mellom
om rørsla skal vere rettlinja eller bua
kor rask rørsla skal vere
Programmering av kontur
Først bruker du nokre grunnleggande kommandoar: Du flyttar maskina til programnullpunktet X0 Y0 og påser at Z har ein positiv verdi, altså at verktøyet står plassert over arbeidsstykket. Det er også viktig at du kalibrerer Z-aksen slik at Z0 er lik overflata på arbeidsemnet.
Rørsla til verktøyet må du dele opp i fleire delar, og kvar del får si eiga kodelinje.
Rørsle frå programnullpunkt til P1
Til denne rørsla kan du bruke hurtigmating. Då bruker du kommando G00 og angir koordinatane maskina skal flytte seg til. I dette tilfellet er det X40 Y10. Kodelinja skal sjå slik ut:
G00 X130 Y10
Rørsle ned i arbeidsemnet
Skjereverktøyet er no plassert rett over punkt P1. For å skjere må du bevege verktøyet ned i arbeidsemnet, til dømes 1 mm. Overflata på arbeidsemnet har Z-verdien 0. Plassering nede i arbeidsemnet gir alltid ein negativ Z-verdi, i dette tilfellet Z-1.
Du må òg velje ei rettlinja rørsle som du kjenner hastigheita på. Til dette bruker du kommandoen G01. Saman med G01 må du angi hastigheita med F. Om du til dømes vel F50, fortel dette maskina at ho skal bevege seg ned i arbeidsstykket med ei hastigheit på 50 mm/min. Når du vel hastigheit, må du ta omsyn til materiale og skjereverktøy. Kodelinje:
G01 Z-1 F50
Rørsle frå P1 til P2
Denne rørsla er ei rettlinja skjererørsle. Derfor bruker du kommandoen G01. Du har allereie gitt maskina ein instruks om kor raskt ho skal bevege seg. Denne instruksen treng du derfor ikkje gjenta. P2 har koordinatane X60 Y10, og kodelinja blir då som følger:
G01 X40 Y10
Rørsle frå P2 til P3
Denne rørsla er også ei rettlinja skjererørsle. Du bruker G01 og koordinatane for P3. Hastigheit har du angitt tidlegare. P3 har koordinatane X60 Y10. Det gir denne kodelinja:
G01 X120 Y120
Rørsle frå P3 til P4
Frå P3 til P4 skal skjereverktøyet gjennomføre ei sirkulær rørsle. Denne rørsla går moturs, det vil seie motsett veg av klokka. Kommandoen for moturs sirkulær rørsle er G03. Du kan fortelje CNC-maskina på to ulike måtar kor stor radius bogen skal ha.
Alternativ 1
Du kan bruke kommandoen R for å bestemme radiusen. Teikninga viser at radiusen er 40, og kodelinja blir då:
G03 X45 Y150 R40
Alternativ 2
I staden for å bruke R kan du fortelje CNC-maskina kor stor avstanden mellom startpunkt (P4) og senter for bogen (P6) er i aksane X og Y. Til dette bruker du kommandoane I og J.
Illustrasjonen viser at midtpunktet i sirkelen, P5, verken har same X-verdi eller same Y-verdi i som P3. X-verdien for P5 ligg 30 mm til venstre for P3. Han får derfor den negative verdien -30. Y-verdien for P5 ligg 20 mm høgare enn for P3 og får derfor den positive verdien 20.
Endring i X-verdi angir du med kommandoen I, og endring i Y-verdi angir du med kommandoen J: I-30 og J20. Kodelinja ser då slik ut:
G03 X20 Y150 I-30 J20
Rørsle til heimposisjon
Du har no frest mønsteret i arbeidsemnet og er klar til å avslutte programmet. Først må du løfte skjereverktøyet opp frå arbeidsemnet ved å bevege i Z-retning. Ved løfting blir Z-verdien alltid positiv, for overflata på arbeidsemnet er definert som Z0. Du kan til dømes køyre skjereverktøyet med ei hurtig rørsle 20 mm opp over arbeidsemnet. Kodelinje:
G00 Z20
Så beveger du skjereverktøyet tilbake til utgangsposisjon, til dømes til programnullpunktet X0 Y0:
G00 X0 Y0
Til slutt må du avslutte programmet med dei rette kommandoane.
Relatert innhald
Bruk av kommandoen I ved ISO-programmering av ei CNC-maskin.
