Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

CNC

Oppgåve

G-kode for talet 2

Her kan du lære steg for steg korleis du lagar ein G-kode for å frese talet 2.

Grunnleggande kode

CNC-fresen må ha nokre grunnleggande kommandoar for å kunne fungere. Om du ikkje kjenner til desse kommandoane, kan du lese om dei i eigne artiklar.

Kontur

For CNC-maskina er eit talteikn (eit siffer) eit mønster. Når du skal frese eit mønster, må du fortelje CNC-maskina

  1. kva punkt verktøyet skal bevege seg mellom

  2. om rørsla skal vere rettlinja eller bua

  3. kor rask rørsla skal vere

I illustrasjonen under er talet 2 plassert i eit koordinatsystem, og punkt som må programmerast, er markerte.

Nummerering er nyttig i mange samanhengar. Her er talet 2 frest inn i eit arbeidsemne som er festa i ei maskinstikke.

Punkta har desse koordinatane:

P1: X130, Y10

P2: X40, Y10

P3: X120, Y120

P4: X45, Y150

P5: X90, Y140

Programmering av kontur

Først bruker du nokre grunnleggande kommandoar: Du flyttar maskina til programnullpunktet X0 Y0 og påser at Z har ein positiv verdi, altså at verktøyet står plassert over arbeidsstykket. Det er også viktig at du kalibrerer Z-aksen slik at Z0 er lik overflata på arbeidsemnet.

Rørsla til verktøyet må du dele opp i fleire delar, og kvar del får si eiga kodelinje.

Rørsle frå programnullpunkt til P1

Til denne rørsla kan du bruke hurtigmating. Då bruker du kommando G00 og angir koordinatane maskina skal flytte seg til. I dette tilfellet er det X40 Y10. Kodelinja skal sjå slik ut:

  • G00 X130 Y10

Rørsle ned i arbeidsemnet

Skjereverktøyet er no plassert rett over punkt P1. For å skjere må du bevege verktøyet ned i arbeidsemnet, til dømes 1 mm. Overflata på arbeidsemnet har Z-verdien 0. Plassering nede i arbeidsemnet gir alltid ein negativ Z-verdi, i dette tilfellet Z-1.

Du må òg velje ei rettlinja rørsle som du kjenner hastigheita på. Til dette bruker du kommandoen G01. Saman med G01 må du angi hastigheita med F. Om du til dømes vel F50, fortel dette maskina at ho skal bevege seg ned i arbeidsstykket med ei hastigheit på 50 mm/min. Når du vel hastigheit, må du ta omsyn til materiale og skjereverktøy. Kodelinje:

  • G01 Z-1 F50

Rørsle frå P1 til P2

Denne rørsla er ei rettlinja skjererørsle. Derfor bruker du kommandoen G01. Du har allereie gitt maskina ein instruks om kor raskt ho skal bevege seg. Denne instruksen treng du derfor ikkje gjenta. P2 har koordinatane X60 Y10, og kodelinja blir då som følger:

  • G01 X40 Y10

Rørsle frå P2 til P3

Denne rørsla er også ei rettlinja skjererørsle. Du bruker G01 og koordinatane for P3. Hastigheit har du angitt tidlegare. P3 har koordinatane X60 Y10. Det gir denne kodelinja:

  • G01 X120 Y120

Rørsle frå P3 til P4

Frå P3 til P4 skal skjereverktøyet gjennomføre ei sirkulær rørsle. Denne rørsla går moturs, det vil seie motsett veg av klokka. Kommandoen for moturs sirkulær rørsle er G03. Du kan fortelje CNC-maskina på to ulike måtar kor stor radius bogen skal ha.

Alternativ 1

Du kan bruke kommandoen R for å bestemme radiusen. Teikninga viser at radiusen er 40, og kodelinja blir då:

  • G03 X45 Y150 R40

Alternativ 2

I staden for å bruke R kan du fortelje CNC-maskina kor stor avstanden mellom startpunkt (P4) og senter for bogen (P6) er i aksane X og Y. Til dette bruker du kommandoane I og J.

Illustrasjonen viser at midtpunktet i sirkelen, P5, verken har same X-verdi eller same Y-verdi i som P3. X-verdien for P5 ligg 30 mm til venstre for P3. Han får derfor den negative verdien -30. Y-verdien for P5 ligg 20 mm høgare enn for P3 og får derfor den positive verdien 20.

Endring i X-verdi angir du med kommandoen I, og endring i Y-verdi angir du med kommandoen J: I-30 og J20. Kodelinja ser då slik ut:

  • G03 X20 Y150 I-30 J20

Rørsle til heimposisjon

Du har no frest mønsteret i arbeidsemnet og er klar til å avslutte programmet. Først må du løfte skjereverktøyet opp frå arbeidsemnet ved å bevege i Z-retning. Ved løfting blir Z-verdien alltid positiv, for overflata på arbeidsemnet er definert som Z0. Du kan til dømes køyre skjereverktøyet med ei hurtig rørsle 20 mm opp over arbeidsemnet. Kodelinje:

  • G00 Z20

Så beveger du skjereverktøyet tilbake til utgangsposisjon, til dømes til programnullpunktet X0 Y0:

  • G00 X0 Y0

Til slutt må du avslutte programmet med dei rette kommandoane.

Løysingsforslag

Om du slår saman dei grunnleggande kommandoane og programmert verktøybane, vil G-koden sjå slik ut:

  • N10 #OTallet2 (Programnamn)

  • N20 M06 T01

  • N30 M03 S2000

  • N40 G54 G00 G90 G17

  • N50 X0 Y0

  • N60 G43 H01 Z1 M08

  • N70 G01 F50 Z.1

  • N100 G00 X130 Y10 (Flytt frå utgangsposisjon til rett over P1.)

  • N110 G01 Z-1 F50 (Flytt skjereverktøyet 1 mm ned i arbeidsstykket.)

  • N120 G01 X40 Y10 (Beveg skjereverktøyet til P2.)

  • N130 G01 X120 Y120 (Beveg skjereverktøyet til P3.)

  • N140 G03 X45 Y150 R40 (Beveg skjereverktøyet til P4.)
    Alternativ: N140 G03 X20 Y150 I-30 J20

  • N150 G00 Z20 (Beveg skjereverktøyet hurtig til 20 mm over arbeidsemnet.)

  • N160 G00 X0 Y0 (Beveg skjereverktøyet hurtig til programnullpunkt X0 og Y0.)

  • N1000 G00 Z100 (Beveg skjereverktøyet hurtig til 100 mm over arbeidsemnet.)

  • N1010 M30 (Avslutt programmet.)

Relatert innhald

I-kommando

Bruk av kommandoen I ved ISO-programmering av ei CNC-maskin.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 16.04.2026