Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

CNC

Fagstoff
Interaktivt innhald

Dialogprogrammering av ei CNC-maskin

Dialogprogrammering er eit enkelt og visuelt programmeringsspråk. Det har eit grafikkgrensesnitt som rettleier brukaren trinn for trinn slik at hen raskt og enkelt kan skrive G-kode for enkle frese-, dreie- og skjererutinar.

Kva er dialogprogrammering?

Dialogprogrammering er eit enkelt visuelt programmeringsspråk som kan brukast til å programmere enkle arbeidsoperasjonar. Det krevst ikkje veldig mykje forkunnskapar. Du treng til dømes ikkje å kjenne til G-kode- og ISO-programmering, og det er heller ikkje noko behov for CAD- og CAM-programvare.

Ved dialogprogrammering bruker du visuelle framstillingar og legg inn parameterar for lengde, breidde, diameter, radius osv. Deretter vil maskina sjølv utarbeide eit NC-program (Numeric Control-programkode) ut frå vala du har gjort.

Dei ulike maskinleverandørane tilbyr styringssystem med ulike visuelle funksjonar, men alle styringssystema har ein del fellestrekk. Derfor kan du ofte programmere på systema til ulike maskinleverandørar utan å trenge spesifikk opplæring.

Dialogprogrammering av dreiebenk

Når du programmerer for ein CNC-dreiebenk, får du mellom anna desse vala:

  • aksial og radial dreiing

  • konus

  • sirkulær rørsle medurs og moturs

  • dreiing av gjenge

  • verktøy

  • spindelfart

  • kjøling av/på

  • mating

  • bruk av både grov- og findreiing

  • materiale avsett til findreiing

Dialogprogrammering av fres

Dei aller fleste fresemaskinene har val om

  • boring

  • planfresing

  • innvendig og utvendig lomme

  • sporfresing

  • holsirklar og holmønster

  • tilfeldige punkt i ein bane

  • verktøy

  • spindelfart

  • kjøling av/på

  • mating

  • bruk av grov- og finfresing

  • materiale avsett til finfresing

Enkelte maskiner kan ha endå fleire funksjonar.

Redigering i dialogprogrammet

Dialogprogram kan enkelt redigerast, kopierast eller kombinerast. Du kan lett kople saman fleire arbeidsoperasjonar i ei angitt rekkefølge til eit stort program.

For å redigere dialogprogrammet hentar du fram den grafiske visninga og endrar berre den parameteren du ønsker å redigere, til dømes diameter eller lengde.

Kontrollspørsmål

I denne oppgåva skal du velje rett svaralternativ.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 14.04.2026