Bygg ein trådlaus vêrstasjon med Arduino Uno R4 og BMP180
Dagens læringsaktivitet
Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som du programmerer i Arduino. Med eit Arduino Uno R4-utviklingskort og ein BMP180-sensor måler du temperatur og trykk og sender dataa til Deploii-nettsida. Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Seinare kan du laste ned dataa i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.
Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:
Utstyr
Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:
Arduino UNO R4 WiFi
USB-C-kabel med signallinje
pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux
BMP180-sensor (måler temperatur og trykk)
leidningar og koplingsbrett (breadboard)
Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)
Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for Arduino UNO R4 WiFi (eventuelt også drivarar)
ein brukar på Deploii
Oppkopling
Det trengst berre fire koplingar for å drive ein BMP180. Han treng straum/VCC (3,3 volt) og jord for straumtilførsel. Dataa blir sende frå sensoren via den innebygde I2C-modulen. Arduinoen blir kopla til via pinnane SCL (pin 22) og SDA (pin 21) på kortet.
Sjå vedlegg for pinout-diagram av Arduino Uno R4 WiFi.
Arduino Uno R4 WiFi | BMP180 |
|---|---|
| 3,3 V | VIN |
| GND | GND |
| SCL | SCL |
| SDA | SDA |
NDLA-boksen

Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.
Deploii-nettsida
Når alt er installert, loggar du deg inn på innloggingssida til Deploii. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):
eit kort av typen Arduino UNO R4 WiFi
fem datastraumar; kall dei gjerne Temperatur, Trykk, Høgde, BMP180 og Logg
ein måleserie
eit kontrollpanel med
ein graf som viser datastraumane Temperatur og Trykk
ein terminal som viser datastraumen BMP180
ein terminal som viser datastraumen Logg
ei talvisning som viser datastraumen Temperatur
ei talvisning som viser datastraumen Trykk
ei talvisning som viser datastraumen Høgde
Om du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg, med mange bilete, korleis du utfører dei ulike stega i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. I tillegg kan du sjølvsagt spørje læraren om hjelp.
Programmering
Dømekode
Nedst på denne sida finn du ein dømekode for ein BMP180-sensor. Denne sensoren kan registrere temperatur, fukt og trykk / høgde over havet, og dømekoden vil lese av sensoren og sende desse dataa til Deploii. Dette krev at du forandrar litt på dømekoden og set opp alt rett på nettsida.
Test ut
No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste ut systemet.
Klarer du å få inn nokre data på kontrollpanelet?
Kva slags data ser du?
I kva format synest du dataa er enklast å lese av?
Fungerer datainnsamlinga også om du koplar Arduinoen din til ein annan pc enn din eigen?
Klarer du å laste ned dataa du har målt?
Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?
Dataanalyse med Python eller Excel
No skal du nytte kunnskapane dine til å hente ut og analysere dataa. Start ein ny måleserie på nettsida for datastraumane du har laga for temperatur og trykk.
Etter at du har fått eit tilstrekkeleg antal datapunkt, til dømes 200 målingar fordelte på ein ti minutts periode, kan du laste ned måleserien.
Filene du får, vil ha same namn som datastraumane dine, og dei er stempla med dato og tid slik at du kan halde styre på kva filer som er nyast. Når filene er på pc-en din, kan du laste dei inn i Python eller Excel og t.d. lage grafar og studere dataa i større detalj.
Filer for nedlasting
Her finn du eit døme på programvare som du kan prøve ut for å få systemet til å fungere.
Relatert innhald
Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.
For å opprette kommunikasjon mellom eit utviklarkort og Deploii må du gjere nokre grunnleggande oppsett på Deploii og programmere mikrokontrolleren din.

