Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Bygg eit trådlaust system for avstandsmåling med ESP32

Lag eit trådlaust sensorsystem i Arduino med ein ESP32-DevKitC og ein ultrasonisk sensor som måler avstand til andre objekt.

Dagens læringsaktivitet

Du skal lage eit trådlaust sensorsystem som blir programmert i Arduino. Med eit ESP32-Devkitc-utviklingskort og ein ultralydsensor måler du avstand og sender dataa til Deploii-nettsida. Dataa kan visast i sanntid på nettsida og lagrast i skya. Seinare kan du laste ned dataa i ønskt filformat (.csv, .txt osb.) og analysere dei vidare i Python eller Excel.

Slik kan eit ferdig oppsett sjå ut:

Utstyr

Til denne oppgåva treng du følgande utstyr:

  • ESP32-DevKitC

  • USB-A-til-mikro-USB-B-kabel med signallinje

  • pc som køyrer Windows, Mac OS eller Linux

  • HC-SR04 ultrasonisk sensor (måler avstand til objekt)

  • leidningar og koplingsbrett (breadboard)

  • Arduino IDE installert (versjon 2.0 eller nyare)

  • Deploii-biblioteket installert, og dessutan Board Manager for ESP32 (eventuelt òg drivarar)

  • brukar på Deploii

Oppkopling

Det trengst berre fire koplingar for å drive ein ultrasonisk sensor. Han treng straum/VCC (5 volt) og jord for straumtilførsel. For å hente ut data gjennom Trig Pin (triggerpinne) og Echo Pin (ekkopinne) til sensoren må du kople dei til pin 33 og 34 på ESP32-en.

Sjå vedlegg for pinout-diagram av ESP32-DevKitC.

Oppkopling ESP32 og Ultralydsensor

ESP32

Ultralydsensor

5VVCC
33Trig
34Echo
GNDGND

NDLA-boksen

Du kan òg velje å bygge prosjektet inn i ein støytsikker boks, til dømes NDLA-boksen.

Deploii-nettsida

Når alt er installert, loggar du deg inn på innloggingssida til Deploii. Deretter må du setje opp følgande (helst i rekkefølge):

  • eit kort av typen ESP32

  • ein datastraum, gjerne kalla Avstand

  • ein måleserie

  • eit kontrollpanel med

    • ein graf som viser datastraumen Avstand

    • ei tal-visning som viser datastraumen Avstand

    • ein terminal som viser datastraumen Avstand

Om du lurer på noko undervegs, kan du sjekke ut dei generelle guidane for Deploii på NDLA. Dei viser deg korleis du utfører dei ulike trinna i lista over. Deploii-filmane kan òg vere gode hjelpemiddel. Og så kan du sjølvsagt spørje læraren din om hjelp.

Programmering

Installasjon (Arduino IDE)

Om du ikkje har installert noko frå før av, kan du gjere følgande:

  1. Først installerer du Arduino IDE ved å følge oppstartsguiden for Arduino.

  2. Deretter må du laste ned ein såkalla Board Manager for ESP32 og kanskje ein COM Port Driver i tillegg. Filmane om Deploii viser deg korleis du kan gjere dette.

  3. Deretter må du laste biblioteket for Deploii ned i Arduino IDE. Dette gjer du via den innebygde bibliotekfunksjonen i Arduino.

Dømekode

Du finn ein dømekode for den ultrasoniske sensoren i eit vedlegg sist i denne artikkelen. Denne koden får sensoren til å måle avstand frå andre objekt. Så blir dataa sende til Deploii. Men du må tilpasse dømekoden litt og setje opp alt rett på nettsida.

Programmering med KI

Viss du vil programmere ved hjelp av KI, er det viktig at du fortel prateroboten kva rolle han skal ha, og kva du ønsker at han skal gjere. Her får du eit døme på ein slik instruksjon. Du må fylle inn din eigen informasjon i felta som er merkte med XXXXXX.

Det er òg viktig at du limer inn koden du får når du har sett opp Deploii, for å sikre rett kommunikasjon mellom mikrokontrollaren og Deploii. Slik kan instruksen til prateroboten sjå ut:

Du skal vere den digitale hjelparen min når eg skal programmere ESP32-en min. Eg skal kople ein ESP32 versjon XX til ein ultralydsensor av typen HC-SR04.

ESP32 skal koplast med TRIG til pinne 33 og ECHO til pinne 34.

Dataa ESP32 får, skal sendast til nettportalen Deploii, og datastraumen skal heite Avstand.

Måleverdiar skal visast i seriell monitor på Arduino IDE med ein fart på 9600.

Nettverksnamnet mitt er XXXXXXXX, og passordet er XXXXXXXX. ESP32 har definert kort-ID XXXXXXXX.

Det skal sendast data kvart sekund, og dataa som blir viste, skal reknast om og visast i cm.

Gi meg eit døme på kode, ei liste over komponentane eg treng for å kople ein slik krets, og ein instruksjon i korleis eg skal kople kretsen.

Du skal ta utgangspunkt i denne koden frå Deploii som beskriv korleis mikrokontrollar og Deploii blir kopla saman: LIM INN KODE FRÅ DEPLOII HER

Test ut

No som du har sett opp og programmert alt, skal du teste ut systemet.

  1. Klarer du å få inn nokre data på kontrollpanelet?

  2. Kva slags data ser du?

  3. I kva format synest du dataa er enklast å lese av?

  4. Fungerer datainnsamlinga òg om du koplar ESP32-en din til andre pc-ar enn din eigen?

  5. Klarer du å laste ned dataa du har målt?

  6. Kva slags data finn du i fila du har lasta ned?

Dataanalyse med Python eller Excel

No skal du nytte kunnskapane dine til å hente ut og analysere data. Start ein ny måleserie på nettsida for datastraumen du har laga for avstand.

Etter at du har fått ned eit tilstrekkeleg tal datapunkt, til dømes 200 i løpet av ein ti minutts periode, kan du laste ned måleserien.

Fila du får, vil ha same namn som datastraumen din, og ho er stempla med dato og tid slik at du kan halde styre på kva fil som er nyast. Når fila er på pc-en din, kan du laste ho inn i Python eller Excel og t.d. lage grafar og studere dataa i detalj.

Filer for nedlasting

Her finn du eit døme på programvare som kan prøvast ut for å få systemet til å fungere.

Relatert innhald

Introduksjon til Deploii

Deploii let deg kople mikrokontrollarar til nettsida deploii.no, slik at du kan samle inn og visualisere data via eit kontrollpanel.

Skrive av Roger Rosmo. Rettshavar: Company of Things AS.
Sist oppdatert 03.09.2025