Bruksområde og verktøy for robotar

Bruksområde
Robotteknologi er ei stor investering for ei bedrift. Derfor må bedrifta først analysere kva behov ho har, og kva oppgåver teknologien kan brukast til. Det er heller ikkje nok å finne ut kva bedrifta treng her og no. Ein må òg ta høgde for utviklingsmoglegheiter og framtidige behov når ein skal velje robottype og tilleggsutstyr.
Viss ein robot blir utstyrt med rett verktøy, er det nesten berre fantasien som set grenser for kva han kan utføre. Her følger nokre døme på ulike bruksområde for robotteknologi i industribransjen.

Produksjonslinjer
Robotteknologi blir brukt i stort monn i produksjonslinjer for å automatisere oppgåver som montering, pakking, sortering og palletering av produkt. Slike arbeidsoppgåver er ofte monotone og repetitive og svært godt eigna for automatisering med robotteknologi. Bruk av robotar til slike arbeidsoppgåver reduserer produksjonstida og gir større nøyaktigheit.
Materialhandtering

Robotar blir brukte til å handtere og flytte både råvarer, komponentar og ferdige produkt. Døme på materialhandtering er lasting og lossing av maskiner, transport av materiale mellom arbeidsstasjonar og lagringsområde og plukking og plassering av produkt i lagermiljø.
Robotar gjer nøyaktig det dei er programmerte til, og risikoen for menneskelege feil blir eliminert så lenge det er gjort ein god nok programmeringsjobb.
Sveising og skjering

Robotar blir brukte til automatisert skjering og sveising av metallkomponentar i industrien fordi dei kan utføre arbeidet med like høg presisjon kvar einaste gong. Dette aukar effektiviteten og minskar faren for skadar og uhell.
Det er likevel ikkje formålstenleg å bruke robotteknologi viss det er snakk om mindre seriar eller om produksjon av enkeltkomponentar. Då tek programmeringa av roboten for lang tid i forhold til nytteverdien automatiseringa kan gi.
Måling og belegg
Robotar blir brukte til å påføre måling, lakk eller belegg på produkt eller overflater. Ein automatisert målingsprosess sikrar jamn fordeling av måling og reduserer feil og avfall. Lakkering av bilkarosseri er eit godt døme på denne typen robotbruk.
Kvalitetskontroll og inspeksjon
Robotteknologi og verktøy som sensorar, kamera og anna utstyr blir brukt til å inspisere, måle og teste produkt for å sikre kvalitet og identifisere defektar eller avvik.

Pakking og palletering
Robotar blir brukte til å pakke produkt i esker, posar eller andre emballasjemateriale. Dei kan òg utføre palletering ved å stable og ordne produkt i eit førehands-programmert mønster. Det sikrar effektiv transport og lagring.
Nøyaktig montering
Robotar blir brukte til nøyaktig montering av komponentar eller produkt. Dette inkluderer montering av små delar, elektroniske komponentar og komplekse einingar som krev høg presisjon og repeterbarheit.
Logistikk og lagerstyring
Robotteknologi blir òg brukt innan logistikk og lagerstyring, mellom anna til plukking og pakking av varer, handtering av esker og klargjering av varer på pallar for vidare transport.
Kvalitetskontroll og sikkerheit
Robotar utfører ofte oppgåver som kan utgjere ein risiko for personar, til dømes inspeksjon av farlege miljø, handtering av farlege stoff og arbeidsprosessar som krev høg temperatur eller trykk.
Stadig utvikling av teknologien
Dette er berre nokre få døme på bruksområde for robotteknologi i industribransjen. Teknologien blir stadig utvikla og blir brukt på nye og innovative måtar.
Verktøy
Ein robot åleine kan ikkje gjere noko arbeid før du utstyrer han med eit program og eit verktøy. Verktøyet avgjer kva roboten kan brukast til, og det finst mange ulike leverandørar av verktøy tilpassa dei ulike robotfabrikata. Her er ei oversikt over nokre vanlege verktøy som kan monterast på ein robot.
Griparar
Griparar (gripperar) er blant dei mest vanlege og allsidige verktøya som kan monterast på ein robot. Dei blir brukte til å gripe, løfte og flytte objekt i ulike storleikar og former. Griparar kan vere fysiske klør som grip eit objekt på same måten som fingrar, eller dei kan vere spesialtilpassa verktøy for spesifikke arbeidsoppgåver eller objekt.

Roterande verktøy
Skrutrekkarar monterte på ein robot blir brukte til å stramme eller losne skruar på komponentar eller produkt. Dei er automatiske og programmerbare for å sikre nøyaktig påføring av dreiemoment.
Roboten kan òg utstyrast med roterande verktøy for sliping av overflater. Andre roterande verktøy kan vere utstyr for fresing, boring og gjenging av hol.
Sveiseutstyr

Robotar kan utstyrast med sveise- og skjereverktøy for automatisert sveising og skjering av metallkomponentar. Dette gir høg presisjon og repeterbarheit i sveiseoperasjonar. Robotane kan brukast til alle typar sveising og skjering, frå gass til laser.
Skjerande verktøy
Dette inkluderer sagblad, fresar, knivar eller liknande verktøy som blir brukte til å kutte, forme eller bearbeide materiale som tre, metall eller plast.
Målings- og beleggsutstyr

Robotar kan utstyrast med spraypistolar eller rullar for å påføre måling, lakk eller belegg på produkt eller overflater jamt og med høg presisjon.
Inspeksjonsverktøy
Sensorar, kamera eller liknande verktøy kan monterast på robotar og brukast til å inspisere produkt eller komponentar og til å sjekke kvaliteten. Kamera kan òg brukast til å lokalisere objekt.
Skanningsensorar
Robotar kan utstyrast med laser-, sonar- eller 3D-skannarar for å oppdage og kartlegge omgivnadene, utføre sikkerheitskontrollar eller navigere i komplekse miljø.
Verktøy for materialhandtering
Magnetar, vakuumgriparar, krokar og anna utstyr blir brukt til å handtere og flytte materiale som boksar, røyr, plater eller andre objekt.
Det er viktig å merke seg at robottype, applikasjon og produsent avgjer kva for nokre spesifikke verktøy som kan brukast. Derfor er det alltid lurt å setje seg inn i dokumentasjonen for den spesifikke roboten og i tilrådingane til produsenten.
Kontrollspørsmål
Vel rett svaralternativ:

