Boring
Kva er toleransar, og kvifor er dei viktige?
Toleransar er tillatne avvik frå eit . Så lenge ein del har mål som er innanfor toleransen, vil han fungere. Han vil passe saman med andre delar uavhengig av kvar dei er produserte. Ved å følge standardar og tabellar sikrar vi nøyaktig og repeterbar produksjon.
Arbeidsoppdraget
I denne oppgåva skal de jobbe to og to for å produsere kvar dykkar del i dreiebenken. Målet er at delane skal passe så presist saman at det oppstår et vakuum. Då kjem det til å bli ein tydeleg smell når de trekker dei frå kvarandre, og denne smellen er eit praktisk bevis på at de har oppnådd rett toleranse!
Instruksjonsfilm
Denne filmen (lengde: 5:28) viser første del av produksjonsjobben dykkar.
Trinn 1: Klargjering av emne
Start med å kappe emna. Dei skal kappast litt på overmål, det vil seie nokre millimeter lengre enn målet. Deretter spenner du opp emnet du skal jobbe med, i dreiebenken og nullstiller aksane (X og Z) for å få full kontroll på dimensjonane.
Trinn 2: Grovtilarbeiding
Kuttflata etter saga er grov og ujamn. Derfor startar du med plandreiing før du går vidare til å dreie diameteren. Den første diameteren du dreier, har ingen spesifikk , så her kan du bruke Verkstedhåndboka for å sjekke kva som er akseptable avvik for ikkje-toleransesette mål i samsvar med NS-ISO 2768-1. Det same gjeld lengda, du får ein viss slingringsmonn også her.
Trinn 3: Toleransesett boring og dreiing
Holet og akslingen er dei einaste delane med strenge toleransekrav, toleranse h7 (aksling) og H7 (boring/hol). Holet skal du først bore og deretter dreie med høg presisjon. Slik går du fram:
Bruk senterbor for å starte holet presist.
Deretter du med mellomstort bor som går til full djupne.
Sluttbor med stort bor for å fjerne mesteparten av materialet.
og oppjuster holet i trinn på 1 mm.
Når du er under 1 mm frå målet, går du over til . Mål med og findrei med kutt frå 0,1 til 0,01 mm om gongen.
Bruk toleransetabellen i Verkstedhåndboka for å vite kor nøyaktig du må vere, og i kva retning avvika kan vere. Det er viktig at du vel rett basismål på diameter i tabellen (over 18 t.o.m. 30) når du skal finne korrekt toleranseopplysning (H7). Då kan du lese av pluss- og minusverdiane for toleransen i tabellen i (+21 µm, -0 µm).
Trinn 4: Lage overflate som gir godt grep
For å kunne trekke delane frå kvarandre og oppnå den karakteristiske smellyden, må du lage ei overflate på delane som gir eit godt grep.
Bruk gjerne eit sverktøy, det lagar mønster i metallet ved å presse i staden for å kutte. Når du , er det viktig at du smør trinsene godt. Dette reduserer friksjon og gjer at verktøyet ikkje blir skadd.
Til slutt kan du dreie inn riller for endå betre grep.

Arbeidsplan
Når du skal lage ein del, er det ofte lurt å lage ein arbeidsplan og planlegge rekkefølga du skal gjennomføre dei ulike arbeidsoperasjonane i. I denne oppgåva skal du til dømes oppnå følgande mål:
lage to delar som passar så nøyaktig saman at det oppstår eit vakuum og ein smell når dei blir skilde frå kvarandre
bruke rett rekkefølge og måleverktøy ved dreiing av toleransesette komponentar
meistre bruk av skyvelære og mikrometer i praktisk arbeid
Trinn | Aktivitet | Utført | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 1 | kapping av emne med overmål | ||
| 2 | plandreiing og diameterdreiing | ||
| 3 | grov- og finboring av hol | ||
| 4 | dreiing av aksel med toleranse | ||
| 5 | måling med mikrometer | ||
| 6 | produksjon av grep med serratering og riller | ||
| 7 | boring av hol for oppheng og vektreduksjon | ||
| 8 | testing av passform og toleranse |
Vurderingskriterium
Når arbeidet ditt skal vurderast, er det ikkje alltid sluttproduktet som er det viktigaste. Ofte kan sjølve arbeidsprosessen, altså korleis du kom fram til sluttproduktet, vere like viktig.
Klarer du å vurdere måloppnåinga di ut frå vurderingskriteria under?
Kompetansemål | Låg | Middels | Høg |
|---|---|---|---|
| Planlegging og førebuing | treng mykje rettleiing | gjennomfører med noko rettleiing | jobbar sjølvstendig og strukturert |
| Nøyaktigheit og presisjon | store avvik frå mål | innanfor toleransar, med noko justering | presis og i samsvar med krav |
| Bruk av måleverktøy | usikker bruk | forstår og bruker rett | bruker korrekt og sjølvstendig |
| Samarbeid | lite samarbeid | deltek i samarbeid | bidrar aktivt og støttar partnar |
| HMS, sikkerheit og orden | utrygg eller rotete arbeidsmåte | følger rutinar | arbeider sikkert og ryddig |
Teikningar
Her finn du både ei arbeidsteikning i PDF-format og to CAD-filer i ulike format. Slik kan du endre utforming og storleik etter egne ønske.
Refleksjonsspørsmål:
Kva skjer viss de ikkje følger toleransane nøye i produksjon?
Korleis kunne de målt meir nøyaktig om de ikkje hadde eit mikrometer?
Kva lærte de om samarbeid og kommunikasjon i denne oppgåva?
Relatert innhald
Her skal vi sjå på ulike typar passingar og toleransar.



